Kløvertur til Kavlvegen på Surnadalseidet
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 2. september. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå kl: 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Vi fann 74 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 2. september. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå kl: 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
I dag vart det ein fjerdeplass, ein 3.-plass og ein 2.-plass for deltakarane frå Trollheimen fjellsportklubb i Oppdal fjellmarathon. Aron Rodal Haugen sikra seg nest beste tid på 22 km og sikra seg andreplassen etter Jona grønli frå Freidig – fattige 12 sekund etter. Aron leda ved 12 km og 17 km, med måtte sleppe framom Jonas i spurten inn mot mål.
Tysdag 3. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Tysdag går turen til Skardfjellet og det er oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Kvenndalen og opp til parkeringsplassen.
Torsdag 5. september 2024 klokka 18:00 inviterer Stangvik historielag, Sunndal Mållag og Sunndal kommune til kulturvandring i Ålvundfjord.
Før helga vart det montert mast for vindmåling på Rakanesset. Ei 50 meter høg mast skal samle inn vinddata med tanke på brubygging over mot Svinvika.
Komande søndag er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Dette blir premiere for nypresten Pål Arne Winsnes her i kyrkja, og vi reknar med at menigheita tek i mot nypresten med god salmesong.
Organist er Bernt Bøe og Randi V. Bøe er klokkar/tekstlesar. Takkoffer denne dagen går til Misjonsprosjektet i Etiopia.
Torsdag hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgang til Roparen. 27 spreke stavgangarar møtte opp i det verkeleg fine seinsommarvêret.
Det blir sagt at pensjonistar har ferie heile året, men dette stemmer nok ikkje, i alle fall ikkje for medlemmane i Surnadal Pensjonistlag, for her er aktivitetsnivået høgt. Onsdag var det medlemsmøte i lokala til Frivilligsentralen på Skei, og det var mange medlemmar som fann vegen dit!
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna driftsproblem vert ruta innstilt inntil vidare, melder Fjord1 i ei melding til Todalen.no. Vidare blir det meldt at det blir utført en tur fra Rykkjem til Kvanne kl 21:15, etter det vil sambandet være innstilt inntil vidare grunna tekniske problem. Til slutt blir det normal drift i sambandet frå […]
Det er Byggmakkerbutikkane i Talgø som er vertskap når heile byggfagmiljøet på Nordmøre er samla til byggmesse på Gammelfabrikken. Byggfagmiljøet vil seier at det er invitert snekkarar, entreprenørar, lærlingar og ikkje minst byggfagelevar frå vidaregåande skular på Nordmøre – både Surnadal, Sunndal, Tingvoll og Kristiansund – rundt 70 i talet.
I dag vart det kjent at Kårvatn Handelskompani AS har meldt oppbod, og er komne under konkursbehandling. Det er «butikken på låven» og nettbutikken som er berørt, og som no altså er stengt. Det er trist, men vi såg ingen anna utveg på dette, seier Gudmund.
Onsdag overleverte Eirik Fiske brev og underskrifter mot etablering av nasjonalpark i Trollheimen til kommunedirektør Lars Inge Kvande i Surnadal kommune. Fiske representerer grunneigarane i den delen av Trollheimen som er foreslege omdisponert frå landskapvsvernområde til nasjonalpark. Saman med underskrifter frå 80-90 % overleverte Eirik Fisk brev og kart over det berørte området – kartet viser kva eigedomar som blir berørt og kven som har skrive under på protesten.