Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2024

Vi fann 5 artiklar i dette arkivet.


Viktig informasjon om Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. juli 2024

Onsdag 3. juli frå klokka 11:00 skal det monterast ny dørlås på Hett & Svett. Dette inneber at Hett & Svett vil vere strengt frå klokka 11:00 og til klokka 17:00 på ettermiddagen. Frå same tidspunkt vil dei gamle kodebrikkane slutte å virke, så vil ein ha ny dørlåsbrikke som verkar, må ein møte opp på Hett & Svett onsdag ettermiddag klokka 17:00 – 19:00! 


Snart klart for Smølatur

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juli 2024

Todalen historielag og Stangvik historielag samarbeider om å arrangere tur til Smøla komande torsdag 4. juli.  Turen er så godt som utselt, og alt går etter plana melder reiseleiar John Moe til Todalen.no.  Eit par plassar er ledig dersom nokon bestemmer seg i siste liten, men da må John Moe få beskjed seinast tysdag. 


Bli med pensjonistlaget til Fosen og Ørlandet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. juli 2024

Surnadal Pensjonistlag sin sommertur går i år til Fosen og Ørlandet 6. og 7. august, med overnatting på Hovde Gård.
Bussen går frå Surnadal kulturhus tysdag 6. august klokka 09:00. Bussen går til Klett, vidare til Flakk og ferge over til Rørvik.


Toåa: – no bit laksen i Toåa

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juli 2024

Regnvêret i natt og i dag gjorde nok underverker for laksefisket – til no er det teke 2 laksar i Toåa i dag.  Ein ho-laks på 5,9 kg som vart teken i Nedre Skjorahølen i ettermiddag og ein hanlaks på 2,1 som vart teken ved Steinutgarden i ettermiddag. Begge vart sett ut igjen, og får ein ny sjanse.


SJFF med leirdueskyting for jenter!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. juli 2024

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) Jenter inviterer alle jenter i alle aldrar til å prøve leirdueskyting på Angråmyra skytebane torsdag 4. juli klokka 18:00 – 21:00. Dette passer for alle, og det er mogleg å låne hagle om du ikkje har dette sjølv.