Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2024

Vi fann 108 artiklar i dette arkivet.


«Sommarles» for niande gong

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. juni 2024

Også i år arrangerer Surnadal bibliotek «sommarles»-kampanje. Tal frå tidlegare år viser at kampanjen aktiviserer kring 1/3 av barn og unge i Surnadal kvar sommar, så dette er altså definitivt ein av dei aller mest populære sommaraktivitetane i kommunen.


Pubkonsert i Bondehuset på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. juni 2024

Laurdag 8. juni klokka 18:00 inviterer Stangvik Grendalag til pub og konsert med Ila Blandamannskor i Bondehuset.


Inviterer til stavgang rundt Igeltjønna

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. juni 2024

Torsdag 6. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur i nabokommunen Rindal. Da inviterer dei nemleg til stavgangtur rundt Igeltjønna i Rindal kommune. 


Hjertemarsj med gavmild støtte til demensforeninga

Jon Olav Ørsal Måndag 3. juni 2024

Surnadal demensforening og helselag stod måndag kveld som arrangør av «hjertemarsjen», og trossa vêrmeldinga som slett ikkje lova berre finvêr denne kvelden.  Det var start ved Søyabanen, og målgang ved grillhuset på Søysetøran, der arrangøren overraska med pølser på grillen og kaffe med sjokoladekake til.  


Siste skrik – i år er det kakifarga

Jon Olav Ørsal Måndag 3. juni 2024

Årets HalsOil-caps er i salg, og sjølvsagt er det ny farge i år, og det er Kaki.  Handelsmann Nordvik fortel at den nye capsen no er i sal på Matkroken Todalen, og at det er tradisjon at capsen får ei ny farge kvart år. 


Fotpleie i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. juni 2024

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie måndag 10. juni.


Kløvertur frå Todalsøra og utover til Ansneset

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. juni 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 3. juni. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00.  Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Tysdag går Fjellgruppa til Syltnebba

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. juni 2024

Tysdag 4. juni går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Syltnebba. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00


Siste Fredrikkekaffeen våren 2024

Dordi Jorunn Halle Laurdag 1. juni 2024

Laurdag 1. juni inviterte Todalen sanitetsforening til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset. Etter ein lang periode med sol og varme dagar, starta juni med skodde langt nedover liene, regn og surt ver. Altså godt innver!


Tid for kantslått – Veidekke er i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juni 2024

All slått er tidleg i år – faktisk eit par veker tidlegare enn normalt.  Det gjeld også kanstslåtten langs våre fylkesvegar – både innover til Todalen og rundt bygda.


Lyst til å bidra før eller under Todalsdagen?

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. juni 2024

Todalsdagen laurdag 29. juni er ei viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag. Sjølv om det meste er på plass til arrangementet, men om du har lyst til å bidra før eller under sjølve Todalsdagen, så er det fullt mogleg. 


Ny laksesesong starta med grillkveld og lokal kultur

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juni 2024

Todalshytta markerte i lag med Todalen elveeigarlag at ny laksesesong starta natt til laurdag.  Med mykje god grillmat, og kulturelt innslag med Johanne Holten, vart det ei triveleg markering av starten på 2024-sesongen i Toåa.  Vêrgudane kunne nok ha vore litt meir slepphendte med sol og varme, men det var da eit godt alternativ å fortsette innomhus etter kvart.