Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2024

Vi fann 108 artiklar i dette arkivet.


Nye opningstider på kulturhuset og sommaropningstider på biblioteket

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juni 2024

Frå og med laurdag 15. juni blir det nye opningstider på Surnadal kulturhus. Kulturhuset vil frå laurdag bli ope frå klokka 07:00 – 22:30 kvar einaste dag, inkludert laurdag og søndag. Frå same dag blir det også endringar i opningstidene på Surnadal bibliotek, noko som har samanheng med ferieavviklinga. 


Prosjektinformasjon frå Norsøk

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juni 2024

Norsøk på Tingvoll har saman med Surnadal kommune starta eit prosjekt der dei skal forske på kvifor sau og lam forsvinn eller døyr på sommarbeite. I samband med dette har Norsøk sendt ut litt informasjon om kva bønder og turgåarar skal gjere dersom sau og lam forsvinn eller dersom ein finn daude sauer og lam. 


Siste medlemsmøte før sommarferien

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juni 2024

Onsdag 19. juni klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til siste medlemsmøte før sommarferien i kantina på Surnadal sjukeheim. Kulturskulen kjem også i år på besøk med artig og fin underhaldning!


Siste bakeriutsal før sommarferien hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. juni 2024

Fredag 14. juni mellom klokka 12:00 – 17:00 er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Dette er siste bekeriutsal, før dei tek ein kort sommarferie i bakeriet. 


Bli med stavgangarane å gå Kavlvegen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. juni 2024

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 13. juni klokka 11:00 til stavgang på Kavlvegen på Eidet.
Parkering på Eidet, altså ikkje på Åsen. 


Nær hundre deltok på sjølvforsvarkurs

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juni 2024

Surnadal pensjonistlag og Sparebank1 Nordmøre fekk skikkeleg respons da dei arrangerte temamøte om svindel. Nærare hundre deltakarar var møtt opp i Svorkasalen da Knut Haugen kunne ønske velkomen til kursdeltakarane frå Surnadal pensjonistlag. Svindelforsøka ser ut til å auke i omfang, og talet på svindelforsøk er like mange i første kvartal som det var på heile fjoråret


Minner om tur til Smøla med historielaget

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juni 2024

Todalen historielag minner om at turen til Smøla nærmar seg, og det no er tid for påmelding.  Det er enno nokre ledige plassar, og dette er ein ypparleg sjanse for guida sommartur til Smøla. Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga.  Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor…


AR Sjømat sel fiskemat på onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. juni 2024

Onsdag 12. juni frå klokka 11:00 – 17:00 vil AR Sjømat AS ha salsstand utanfor Matkroken Todalen. Da er fiskebilen lasta opp med mykje god fiskemat og pølser til middagar og fest. 


Mykje regn i vente – gult farevarsel for Nordmøre

Jon Olav Ørsal Sundag 9. juni 2024

Frå natt til måndag til tysdag føremiddag er det venta lokalt mykje nedbør i indre strøk av Sør-Trøndelag og Nordmøre, melder yr.no i si vêrmelding.  Totalt kan det kome 35-40 mm på 6 timar, og kanskje heile 60 mm i løpet av 24-timers.  Farevarselet er på gult nivå. 


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 9. juni 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur i Toåa tursti måndag 10. juni. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Kåring månadens bilete mai

Guro Redalen Laurdag 8. juni 2024

Hugsar du noko anna fra mai 2024 enn at Hønhalsen fall tidleg i år? Om ikkje så kan kanskje kandidatane til månadens bilete hjelpe på minne. Det er dags for å gå til den digitale stemmeurna og kåre ein vinnar.


Bli med Fjellgruppa til Ranessetra

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. juni 2024

Tysdag 11. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Da går turen til Ranessetra, om Salen, den såkalla «Trekantturen». Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00.