Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2024

Vi fann 107 artiklar i dette arkivet.


Laurdag: – Dammen opp på Nordvik

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2024

Lørdag 15. juni inviterer Trollheimen Fjellsportklubb til motbakkeløpet «Dammen Opp» på Nordvik. Løypa er i underkant av 3 km, med start ved Nordvik forsamlingshus og oppover Blomlivegen til inntaket for Nordvik Kraft.


Snart startar oppskytinga i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2024

Vi skriv snart midtsommar og St. Hans – dermed er det tid for å tenke på skyteprøve med tanke på storviltjakt i haust.  Søya og Todalen skytterlag starter med sesongens første skytekveld måndag 24. juni.  Det skjer på skytebanen i Ranheimsvingen, og det vil påga skyting i tidsrommet 18:00 – 20:00.   Deretter vil det bli […]


Skal sikre drifta når straumen er borte

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2024

Surnadal kommune, teknisk drift, er i gang med oppgradering av Bjøråa vassverk.  Vassverket får no eige straumagregat for sikring av vassleveransen, og agregatet vil få eit eige hus som eit tilbygg til den tekniske installasjonen.  I dag er teknisk drift i gang med å sette opp eit elementbygg som altså skal huse agregatet.


På leiting etter ny campingplass

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. juni 2024

Todalen elveeigarlag og Todalen bøgdalag har starta arbeidet med å finne ny lokalisering for campingplass i Todalen. 


Tunnellvask med manuell dirigering

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. juni 2024

Har du det travelt og skal nå eit eller anna, så kan du rekne med at du får ein lita overrasking og litt ventetid.  I Svinviktunnellen foregår det torsdag kveld tunnellvask, og det er manuell dirigering av trafikken  – og bruk av følgebil. 


Stavgangarane gjekk Kavlvegen

Fredrik Sogge Torsdag 13. juni 2024

Torsdag 13. juni 2024 tok Stavgangerane turen til Kavlvegen i Surnadalen. Da vi kom til Parkeringa hadde 27 folk møtte opp.


Surnadal open – «kunstnatt» fredag kveld 21. juni

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. juni 2024

Surnadal kunstforening inviterer til «kunstnatt» fredag 21. juni frå klokka 19:00. Det heile tek til med todalingane Toril Redalen og Siri Skjerve i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Toril og Siri vil her fortelje om og vise bilete frå
samarbeidsprosjektet «Line Made by Walking».


Sommarsongkveld med høg trivselsfaktor

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. juni 2024

P17-koret trekte fullt hus til sommarsongkveld i Todalen ungdomshus.  Koret brukar å samlast til ein songkveld når dei har sesongavslutning, og onsdag kveld inviterte koret todalingane på sommarsongfest – og todalingan kom og jammen vart det ein triveleg kveld med mykje song og musikk.  Her var det både korsong og allsong med melodiminner og utdrag frå kabaretar som koret har jobba med tidlegare. Dirigent Bernt Bøe hadde henta fram at både «Seterkabareten» og kabareten «Med segl og Wickmann» og presenterte eit utdrag i kveld.  Vidare var det både song, kaffelag og utlodding. 


Oppgradering i hundretusenklassen

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. juni 2024

I treningsstudioet Hett & Svett har det pågått oppgradering av utstyr den site tida.  3 flunkande nye apparat er montert og snart klare til bruk.  Dei siste par dagane har Ola Talgø, Anders Mo og Anders Todalshaug studert engelskspråklege monteringsanvisningar og sett sammen apperata som no er kjøpt inn. 


Togbussen er berga ut året, men…

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. juni 2024

Det har vore mange og store oppslag i media om togbussen mellom Sunndalsøra og Oppdal.  Ved budsjettbehandling på fylkestinget kom det forslag om å legge ned dette tilbodet, begrunna med lite passasjertal på strekninga. Dette kom det sjølvsagt mange reaksjonar på, og i ei tid der vi pratar om, og planlegg «det grøne skiftet» så er det naturlegg at slike forslag skaper reaksjonar. 


Fjellgruppa tok turen til Ranessetra tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juni 2024

Tysdag gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Ranessetra. Vêrgudane varta ikkje opp med det beste vêret. – Vi var ei lang rekkje som starta oppover mot salen, og veret var knapt halvbra, men vart ikkje verre heller, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje. 


Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank med stor gåve til nærmiljøanlegget

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juni 2024

På sitt styremøte måndag kveld, vedtok Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank å tildele kroner 75.000 til Todalen Idrettslag sitt nye nærmiljøanlegg på Bordholmen stadion, som er under bygging. – Dette var berre heilt fenomenalt og noko vi verkeleg sett stor pris på, seier ein særs nøgd leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme.