Bli med stavgangarane til Svorka!
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 20. juni klokka 11:00 til stavgangtur til Svorka i Bæverdalen. Parkering ved garden.
Vi fann 107 artiklar i dette arkivet.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 20. juni klokka 11:00 til stavgangtur til Svorka i Bæverdalen. Parkering ved garden.
Toåa tursti er meir enn ei stripa for hyggelege treff og trimpoeng-jakt, det er òg tittelen på vinnarbilete for mai. Meisterfotografen bak er Torkjel A. Moe – vi gratulerer!
Økonomigruppa i Todalen Idrettslag har også i år «Sommarlotteri» i samband med Todalsdagen 2024, som blir arrangert laurdag 29. juni. Årets lotteri har sju flotte gevinstar frå Hageland, Svinvik gard, Takstmann Øyås, Norsk Kvalitetsmat, Alti Surnadal, Olav Thon Gruppen og Setra drift.
Laurdag 22. juni klokka 10:30 inviterer Stangvik Historielag til tur til setrene i Nessadalen utanfor Flessen, oppmøte ved bommen til Båtvikvegen. Svein Aarnes blir med som vegvisar og vil fortelja om seterdrifta og gamal busetnad i området.
I går informerte Todalen historielag og Todalen Idrettslag om at dei hadde planer om å markere at det 30. september er 100 år sidan Alf Ramsøy vart fødd. I ettertid viser det seg at Skulstuå i Todalen også har planlagt ei slik markering, og at dei har kome lenger i planleggingsarbeidet.
Vi har fått leiaren i Todalen elveeigarlag Stig Husby «på kroken». Han er i disse dagar aktuell i samband med laksefisket i Toåa – det er to veker sia laksefisket starta i Toåa, og det er enno ikkje kome på land ein einaste laks så langt i sesongen.
I dei travle våronnmånadene april, mai og hittil i juni har det vore søndagsope og utvida opningstid for å ha nok kapasitet til å hjelpe kundar og til å fylle inn varer og trimme butikken. Søndag 16. juni er siste søndagen at hagesentret har ope – frå måndag går vi attende til vanleg opningstid igjen, seier butikksjef Jelena Johnsen. Det vil seie at hagesentret er ope måndag – fredag frå 10:00 – 17:00 og laurdag frå 10:00 – 15:00
Nordmørsmusea inviterer til temakveld på Åsen bygdemuseum torsdag 20.juni kl.19.00 – i fjøset:
Tema: Kven var dei første nordmøringane?
Kvar kom dei frå, og kvifor kom dei hit?
Dei tre som kom på pallen var også først ut på starten av Dammen Opp på Nordvik laurdag føremiddag. Dei heldt koken heilt til målgang ved dammen på Nordviksetra, og gikk i mål med nokre få sekunds mellomrom. Håkon Bøklepp trekte det lengste strået, og var først i mål på ny bestetid 14:21, medan Isak Drøpping gjekk i mål på 14:30 – berre 9 sekund etter. På tredjeplass kom Erik Kårvatn, på tida 14:45 – 24 sekund etter vinnartida.
Kultur- og idrettsmannen Alf Ramsøy vart fødd 30. september 1924. Todalen historielag og Todalen Idrettslag vil søndag 29. september markere at det da, omtrent på dagen, er 100 år sidan Alf vart fødd.
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunnet driftsproblem blir 22:15 avgangen fra Rykkjem framskyndet til 21:45 og deretter blir sambandet innstilt ut kvelden, det vil si til og med avgang 23:35 fra Rykkjem. Oppstart i morgen Lørdag 15.06 blir kl 08:00 fra Kvanne, melder Fjord1 til Todalen.no.
Tysdag 18. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Ørnnebba ovanfor Nordvik.