Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2024

Vi fann 108 artiklar i dette arkivet.


Tysdag tek Fjellgruppa turen til Kvenndalen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. juni 2024

Tysdag 25. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til tur til Kvenndalen og «Fintenkjarplassen». Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Kvennbøen.


Surnadal Open inviterte til «Kunstnatt»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. juni 2024

I samband med «Midtsommar i Surnadal» så inviterte Surnadal Open til «Kunstnatt» fredag kveld. Første post på programmet var i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Her fortalte Siri Skjerve og Toril Redalen om samarbeidsprosjektet dei starta da dei studerte saman på Kunsthøgskolen i Oslo, og som dei kallar «Line Made by Walking». Dette er eit samarbeid som ikkje er knytt til eit spesifikt prosjekt, men eit samarbeid dei brukar for å lufte idear og få gjennomført kunstprosjekt.


Open dag i Svorka

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2024

På plattingen framfor Svorkabygget på Skei hadde Svorka rigga til «Open dag» i samband med Sommar i Surnadal.  Dei inviterte til nystekte bakels til kaffen.  I tillegg var det rigga til fleire apparat, der du kunne delta i konkurransar. På baksida av Svorkabygget var det høve til å bli med på prøvekjøring av ATV – sjølvsagt eit populært tilbod til gutar i høveleg alder.


Erik sikra seg seieren i Bankmila – oppdatert med resultatliste

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2024

Erik Kårvatn tok teten frå starten, da startskotet for Bankmila gikk idag.  Og Erik auka avstanden til konkurrentane gjennom heile løpet, og kom i mål på 34:59 som var 3:26 framfor nr 2 som var Per Myren frå IL Norodd.  På tredjeplass kom Øivind Berthelsen-Tangvik med 5:20 etter Kårvatn. I dameklassen var det Berit Mogstad som hadde den sterkaste tida, med Ragnhild Mogstad hakk i hel 45 sekund etter.  På tredjeplass kom Ann Kristin Amundsen frå IL Norodd med 1:33 etter.  


Bakels med graut på Skihytta laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. juni 2024

Laurdag hadde driftsstyret for Todalen Idrettslag si Skihytte teke på seg spanderbuksene, og inviterte til gratis kaffe og bakels med graut på Skihytta. Det var Knut Halset som var grautkokar, og alle rapportane seier at grauten var heilt fenomenal! 


Toåa: Vi ventar på midtsesongevaluering

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2024

På bakgrunn av dårleg laksefiske blir 33 lakseelvar frå svenskegrensa til og med Trøndelag stengt frå laurdag kl 24 og på ubestemt tid.  Her i distriktet er Det Rauma, Surna og Eira, medan det i Trøndelag gjeld elver som Orkla, Gaula og flerire til – med Namsen i spissen.  Tove Talgø Brøndbo fortel at ein i Toåa ventar på midtsesongevaluering.


Jonsvaka fylte Åsskard-kyrkja til siste plass

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2024

Bernt Bøe starta årets Jonsvake med kåseri om Storstangvikgjeldet, og hadde mange fornøyelege historier om både kyrkjer, prestar, jubileum og kyrkjesongarar som han formidla til oss. – Storstangvikgjeldet omfatta mesta heile Nordmøre og hadde sjølvsagt Stangvika og Stangvikkyrkja som sentrum.  Bernt la fordagen ein enorm kunnskap om emnet, og dette var høveleg oppvarming til konserten sammen med kaffepausen. 


Førehandssalet av lodd fortsett

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. juni 2024

Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt «Sommarlotteri» har kome godt igang. Laurdag 22. juni vil Økonomigruppa frå klokka 10:00 – 15:00 ha stand på Matkroken Todalen for å selje førehandslodd i «Sommarlotteriet» 


Brødfrakt – Takk for godt samarbeid

Jon Olav Ørsal Fredag 21. juni 2024

Eit samarbeid som har vart i mange år, er brødfrakt frå Todalskrysset og innover til Matkroken Todalen.  Brødleveransen frå Gomanbakeriet blir levert på Todalskrysset tidleg på morgonen, og så er det skulebussen som tek med brødleveransen til Matkroken.  Sommars tid er det ingen bussrute til Todalen, så da må Matkroken hente sjølv på Todalskrysset.  I dag var siste dagen med skulebuss før ferien – neste bussrute til Todalen går ikkje for det nærmar seg 20. august.


Den første nordmøringen kom for 11 000 år sia!

Jon Olav Ørsal Fredag 21. juni 2024

Som ein del av programmet for Midtsommar i Surnadal bydde Nordmørsmusea på foredrag på Åsen Bygdemuseum.  Tema for foredraget var Fosnakulturen og det store spørsmålet var sjølvsagt kvar den første nordmøringen heldt til. 


Årets første laks er eit faktum

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. juni 2024

Da har vi fått bekrefta at årets første laks er komen i land – det skjedde i Raudåhølen, og den heldige fiskaren er Svein Skei som fiskar på Todalshytta.  Laksen var på 3,2 kg, vart gjenutsatt, og får dermed ein ny sjanse til å fullføre sitt oppdrag i Toåa


Stavgangarane tok turen til Svorka torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. juni 2024

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde torsdag invitert til stavgangtur frå garden Svorka og innover i Bæverdalen. Dei tjueein stavgangare som møtte fram til torsdagens tur, gjekk til ei eldre høyløe. Der registrerte stavgangarane seg i turboka ved løa.