Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2024

Vi fann 123 artiklar i dette arkivet.


Dugnadskveld på Åsen bygdemuseum

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. mai 2024

Måndag 13.mai klokka 18:00 inviterer Nordmørsmusea til vårdugnad på Åsen bygdemuseum på Eidet. Museumsområdet skal fliast opp til vår- og sommarsesongen.


Sjømaten gikk unna

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. mai 2024

Onsdag føremiddag var AR Sjømat på plass utafor Matkroken Todalen.  AR Sjømat kjem frå Averøy, der dei har eigen butikk og produksjonsanlegg for alle typar fiskmat. Frå butikken kjører dei også rundt på Nordmøre for å selgefiskeprodukt frå sine kjølebilar. Her i Todalen er det stopp framfor Matkroken kvar 3. tysdag, og da har dei mykje godt å by på, fortel Ole Jonny Nekstad som er ein av salgssjåførane på AR Sjømat.


Fjellgruppa sesongopne med tur til Høgberget

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. mai 2024

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sesongopna med tur til Høgberget i går. Heile 25 spreke turgåarar møtte opp for å vere med på årets første tur. – Av desse var det fleire nye, fortel ein nøgd Kristian Ranes i Fjellgruppa. 


Ein feiande tur rundt bygda

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. mai 2024

I dag trefte vi feiemaskina til Veidekke i full gang med å feie vekk sand og støv frå vegane.  Ola Svinsås satt bak rattet på feiemaskina, og han hadde som oppdraga å feie fylkesvegen inn til Todalen og Todalsøra, samt fylkesvegane rundt bygda om Brusetbrua. 


Klargjort for sesongopning

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. mai 2024

Tysdags kveld var det tradisjonell dugnad og klargjering for sesongopning i Svinviks arboret.   Ein fast gjeng fra Hagelaget og fleire til kom med river og anna hageutstyr for å gjera ein innsats i hagen.  Regnet kom omtrent samtidig, men det la ikkje nokon dempar på innsatsen og humøret iallfall. 


Todalen Meieri AS får kjøpe skulen, og får forkjøpsrett på barnehagen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. mai 2024

I dag vedtok formannskapet i Surnadal kommune samrøystes at Todalen Meieri AS får kjøpe Todalen skule. Prisen dei må betale er 1 krone. Kommunedirektøren hadde i si innstilling til formannskapet innstilt på at Todalen Meieri AS skulle få kjøpe heile oppvekstsenteret, både skulen og barnehagen for 650.001 kroner, men dette sa altså formannskapet samrøystes nei til. 


Remidt sin tømmekalender for mai og juni lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. mai 2024

Da har vi lagt inn Remidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for mai og juni 2024 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Merk at henting av glass- og metallemballasje og plastemballasje blir henta torsdag 16. mai denne gongen! Elles beklagar vi at vi var litt seint ute med å legge inn tømmekalenderen denne gongen! 


Tur til Haltbakkan i retteleg godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. mai 2024

Første måndagen i mai var det kløvertur til Haltbakkan på Nordvik i strålande godt vårver og irrgrøn vårskog – tidleg vår!


AR Sjømat med salsstand onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. mai 2024

AR Sjømat AS frå Averøy vil onsdag 8. mai, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha ny salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt, reker og fisk. 


Stavgangarane startar sesongen med tur til Glærum

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. mai 2024

Stavganggtuppa i Surnadal Pensjonistlag starter stavgangsesongen med tur opp til toppen på Glærum onsdag 8. mai klokka 11:00. Parkering ved Kalkstranda, så går turen oppover derifrå.  Denne første gongen blir det altså stavgang på tysdag, men frå og med neste tur, blir turane på torsdagar som tidlegare. Turmål som så langt er bestemt er Haltbakken […]


Ope bekeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. mai 2024

Fredag 10. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Her blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen!  


Full score for Hageland Surnadal

Jon Olav Ørsal Sundag 5. mai 2024

Så langt i år har vi en anbefalingsgrad på 87,5%, og det er bra. Aller høyest ligg Hageland Surnadal med heile 98,6% – det er imponerande, seier kjededirektør i Hagelandkjeden Øyvind Krohn til Todalen.no.