Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2024

Vi fann 123 artiklar i dette arkivet.


Årsmøte i Todalen.no og utdeling av «årets bilete»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. mai 2024

I går kveld var det årsmøte i Todalen.no i Skulstuå i Todalen. Før det formelle årsmøtet tok til, fekk årsmøtet ei lita historisk orientering om Skulstuå i Todalen ved Ragna Kvendset. Etterpå gjekk dei ti frammøtte over til den formelle delen av årsmøtet. 


Nærmiljøanlegg tek form på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2024

Fredag var det dugnad med dekkelegging på nærmiljøanlegget på Bordholmen.  Gjeldnes maskin har tidlegare gjort grunnarbeidet og fylt opp med pukk og knusagrus for å stabilisere underlagt. No er det legging av filt og dekkke som blir gjort – da vi var innom var dette arbeidet kome omtrent halvvegs. 


Takkar nei til å kjøpe Todalen skule

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 10. mai 2024

I formannskapsmøtet i Surnadal sitt møte sist tysdag vart det samrøystes vedteke at Todalen Meieri AS fekk tilbod om å kjøpe Todalen skule for 1 krone. I kommunedirektøren si innstilling til formannskapet, hadde han innstilt på at Todalen Meieri AS skulle få kjøpe heile oppvekstsenteret for 650.001 kroner, men dette sa altså formannskapet samrøystes nei til.  I formannskapet sitt vedtak fekk meieriet ein forkjøpsrett på Todalen barnehage, ved eit eventuelt seinare sal av denne. 


Konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2024

Laurdag 11. mai kl. 11 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje.  Det er veteranane Torbjørn Brøske og Bernt Bøe som er henholdsvis vikarprest og organistvikar. 


Jorid blir ny butikksjef ved Matkroken Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2024

Etter å ha vært involvert i Matkroken Todalen i over 50 år, overlater Terje Nordvik den daglige driften av butikken til Jorid Haugen Ansnes.  – Til høsten har Jorid vært ansatt her i 27 år. Hun kjenner butikken inn og ut, og jeg er veldig fornøyd med at Jorid har takket ja til å drifte butikken videre i ny rolle som butikksjef, sier daglig leder Terje Nordvik ved Matkroken Todalen.


Bli med Fjellgruppa til Solemsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 10. mai 2024

Tysdag 14. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Denne gongen går turen til Solemsetra. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Flessen og Solem gard, der det blir parkering. 


Inviterer til «felles middag» onsdag 15. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 10. mai 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 15. april klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.


Program for 17. maifeiringa på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. mai 2024

Nordvik Grandalag inviterer til 17. maifeiring i Nordvik forsamlingshus klokka 14:30 på Nasjonaldagen. Her blir det først servert sodd og pølser, før ein får tale for dagen. Klokka 16:00 blir det leikar på Øygarden og loddsal.


Stavgangarane starta sesongen med tur til Glærum

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. mai 2024

I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin første tur for sesongen, og sesongens første turmål var Glærum. Turen starta frå Kalkstranda og gjekk oppover til toppen.


Takstolkontrollen på besøk – Talgøbygg smatt gjennom nåløyet

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. mai 2024

Talgøbygg har den siste tiden jobbet med å få sertifisert både folket og utstyret for produksjon av takstoler ved anlegget i Todalen.  Det er Treteknisk instistutt som sørger for godkjenning og sertifisering for slik produksjon, og onsdag var «treteknisk» på besøk i Todalen.  Og det gikk greit å få godkjenning, med noen små tilpasninger, forteller fabrikksjef Michal Heimlund som nedenfor beskriver den faglige biten for oss. 


Ryddedugnad før Nasjonaldagsfeiringa

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. mai 2024

Todalen bøgdalag inviterer måndag 13. mai klokka 18:00 til dugnad for å rydde langs vegkantane rundt Todalen. Oppmøte på Bordholmen stadion. Bøgdalaget stiller med søppelsekkar og eingongshanskar. Det trengs nokon som har bil med hengarfeste, da det skal brukast hengar. 


Kom og bli med på Bankmila 2024!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. mai 2024

Det er arrangementskomiteen si klare oppfordring, når Surnadal IL og samarbeidsparnaren SpareBank 1  laurdag 22. juni inviterer til den fjerde utgåva av Bankmila. Som tidlegare år er Bankmila delt inn i Minibankmila, som er for barna, trimklasse og tidtakingsklasse. Arrangørane oppfordrar absolutt alle i mils omkrins til å delta på «Stor-roinjt»! Løypa, som har start på Skei og går via Røtet og opp att til målgang på Skei, er rundt 10 kilometer. – Dette er eit heilt gratis lågterskelarrangement og passar for absutt alle, understrekar arrangørane. – Løypa er rask og lett å springe, seier Arne Berset. – Og det er i tillegg verkeleg god folkehelse!, legg Epen Kalkvik til.