Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2024

Vi fann 123 artiklar i dette arkivet.


Kjempefin dag for feiring av nasjonaldagen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2024

Med blå himmel og sommartemperatur frå morgonen av var alt duka for ei vellukka feiring av nasjonaldagen her i Todalen.  Programmet var på mange måtar tradisjonellt med biltog eller «skrommeltog» som det vart kalla før.  Fortsettelsen var også tradisjonell med frukostservering i Todalen ungdomshus, men vidare vart det ein pause, før det vart gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14, som siste post på programmet.


Bli med Fjellgruppa til Åkvikknoken

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. mai 2024

Tysdag 21. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Denne gongen går turen til Åkvikknoken i Heim kommune.


Kaffelag med donert marsipankake

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mai 2024

Da Todalen bygdelag arrangerte påskequiz vart andrepremien som var ein pengepremie donet til Kaffekroken.  I dag troppa Svein Håvard Brøndbo opp med marsipankake til gjestane i Kaffekroken, og da var det sjølvsagt «førstemann til mølla», der det vart kakeservering til dei som var på rett plass til rett tid – og det var Eivind Grønmyr […]


Vårsøghelga – heidrar Alf Ramsøy og Edvard Fliflet Bræin

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

I ei pressemelding frå Vårsøghelga no på føremiddagen, blir vi informert om at søndag 26. mai klokka 12:00, blir ei markering av Alf Ramsøy og Edvard Fliflet Bræin, som båe ville ha fylt 100 år i 2024. Dette skjer på på Åsen bygdemuseum. Billettar blir selt ved inngangen, og kostar kroner 150,-.


«Kaffekrokens venner» tek sommarferie frå innetrim

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

«Kaffekrokens venner» melder at dei har bestemt seg for å ta sommarferie frå trimmen på Hett & Svett, og heller trimme ute i vår og sommar. Dette inneber at det ikkje blir organisert trim fram til hausten. 


Biltog og 17. maifrokost

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer, som tidlegare omtala til 17. maifeiring i Todalen. Det meste er tradisjonelt, der Nasjonaldagsfeiringa startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00, og påfølgande frokost og kaffe med kaker i Todalen ungdomshus klokka 11:00. Ei endring i år i høve til tidlegare år, er at det ikkje blir folketog etter kyrkja. 


Sesongopning i Svinviksarboret laurdag 18. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

Laurdag 18.mai opnar klokka 11:00 er det sesongopning i Svinviks arboret. Da opnar hageporten og kafedøra for besøkande att! Arboretet held også ope søndag 19. mai og måndag 20. mai, altså heile pinsehelga.


Soknerådet minner om gudstenesta på 17. mai

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. mai 2024

OSoknerådet minner om gudstenesta i Todalen kyrkje på nasjonaldagen 17. mai.  Gudstenesta er ein del av det offisielle programmet og startar kl. 14:00 Vikarprest Torbjørn Brøske er liturg, og vikar for organisten er Bernt Bø.  Takkoffer går til Todalen sanitetsforening denne dagen. Soknerådet byr på kyrkjekaffe etter gudstenersta. Dersom du vil øve på salmesongen så […]


Fjellgruppa med skikkeleg finvêrstur til Solemsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. mai 2024

I går hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til fjelltur til Solemsetra, og det vart ein skikkeleg fin tur med finvêr og god temperatur for dei 30 som var med. Som vanleg var det oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje, og samkøyring til Flessen og Oppistua Solem, der dei parkerte.


Nytt og flott vårmagasin i postkassen onsdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Onsdag eller torsdag går det nye vårmagasinet i postkassane i eit større opplag enn nokon gong. Stig Husby i Amfi Kreativ fortel av dette er ei storsatsing, og rundt 15.000 eksemplar blir distribuert. Nytt i år er at Oppdal og Rennebu er med – elles er Sunndal, Nesset, Tingvoll, Smøla, Tustna, Heim, Orkland og sjølvsagt Rindal og Surnadal.  -Vi føler at vi treng å vise fram no, fordi at det er veldig mykje på gang her på heimebane – ikkje minst for å presentere eit omfattande program for «Midtsommar i Surnadal». Magasinet brukar heile 52 sider på å presentere næringslivet og folk i farta, så her må alle finne noko som interesserer.


Ekspert på gode råd til sjølvhjelp

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Einy Rendal Elgsæther var skeptisk da ho såg at Surnadal kommune skulle kome rundt til dei eldre i kommunen på heimebesøk.  Ho var redd det var eit tilsyn, som kunne kome med pålegg om både det eine og det andre. Var eigentleg litt redd for å få kritikk for manglande tiltak. Svindelforsøk var også i tankane til Einy, men der tok ho grundig feil.


Måndagstrimmen på sykkel

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Kvar måndagskveld er det trim for denne gjengen – vinters tid skjer det på «Hett & Svett» eller på Tjønnmyran, men på slike fine kveldar som i går kveld så tek dei sykkelen og langdevegen fatt. I går kveld gjekk turen først rundt bygda om Bruset, og så vidare utover strandavegen til rasteplassen.  Tilsammen rund 20 km totalt – og passeleg kveldstrim.