Månadens bilete april
Ein månad lengre ut i året, og det er tid for å finne det beste bidraget til dagens bilete i april. Og ikke overraskande hadde april både siste rest av vinteren og vårteikn i seg.
Vi fann 123 artiklar i dette arkivet.
Ein månad lengre ut i året, og det er tid for å finne det beste bidraget til dagens bilete i april. Og ikke overraskande hadde april både siste rest av vinteren og vårteikn i seg.
Todalen bøgdalag og Todalen Idrettslag har i år ansvaret for 17. maifeiringa i Todalen. Programmet for Nasjonaldagsfeiringa i Todalen er no klart. Det meste er kjent og kjært, men i år blir det ikkje tog etter kyrkja og ikkje ettermiddagsarrangement. Det heile startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00. Etter biltoget blir det frokost i Todalen ungdomshus klokka 11:00.
Todalen Sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. mai. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Onsdag 8. mai kan Surnadal kino skilte med to Norgespremierar, når vi får eit gjensyn med den ganske bortskjemte katten Pusur i filmen Pusur-filmen og Kingdom og The Planet of the Apes. Pusur-filmen blir vist klokka 18:00, medan Kingdom of the Planet of the Apes blir vist klokka 20:00
Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte fredag 10. mai klokka 18:00 i Skulstuå i Todalen. No er saklista til årsmøtet klar, og den kan du sjå nedanfor. Etter at årsmøtesakene er unngagjort, vil vinnar av «Årets bilete» bli offentleggjort. Det blir enkel servering.
Todalen historielag har den siste tida jobba med planar for den tillyste sommarturen til Smøla. Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga. Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor:
Da skriv vi mai, og endeleg kan Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag invitere til ein ny fjelltursesong. Sesongens første turmål er Høgberget tysdag 7. mai klokka 10:00. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje.
Godt over tretti deltakarar på dugnaden på Todalen kyrkjegard torsdag kveld. Folk kosa seg med dugnadsarbeidet denne flotte vårkvelden, der gradstokken viste rundt 20 varmegrader. Od det vart da ein snørtinn og fin kyrkjegard som vi kan være stolte av å vise fram.
I oktober i fjor vart den nedlagte Todalen skule lagt ut for sal for 1 krone. Todalen Meieri var einaste interessent som ville kjøpe skulen. Etter forhandlingar mellom meieriet og kommunen, har også barnehagebygget blitt ein del av salet. Todalen barnehage vart nedlagt av kommunestyret tidlegare i år, og bygninga blir i dag nytta til bustad for flyktningar. I kommunedirektøren si innstilling til formannskapsmøtet tysdag 7. mai, rår han formannskapet til å gjere vedtak om også å selje barnehagebygget. Prisen for barnehagebygget er etter takst sett til 650.000 kroner.
Laurdag 18. mai er det sesongopning i Svinviks arboret, og for å gjere arboretet klart til ein ny sesong inviterer arboretet til vårdugnad tysdag 7. mai klokka 18:00. Så vil du vere med å gjere arboretet klart til ein ny sesong med hageglede og opplevingar? Da er det berre å ta turen tysdag! Ta med hanskar og høveleg reiskap, der rive og hagesaks vil vere mest aktuelt under vårdugnaden.
Sommarvarmen er over oss, og det er no full vår innafor gjerdet på Hageland Surnadal. Og sommarvêret ser ut til å fortsette også neste veke. På Hageland og Byggmakker er dei i innspurtfasen på vårsalet, men dei kan enno by på mange gode tilbud. Byggmakker Surnadal har ope til og med laurdag, medan Hageland også har ope søndag mellom12 og 17.
På Rossåa settefisk er det eit av vårens høgdepunkt når årets avling med smolt skal settes ut. I starten av veka vart det gjort førebuingar på utstting av rundt 2.500 1-årig smolt ved Steinutgarden. Dei blir da sett ut i ei merd, og det blir gjort for at smolten skal aklimatisere seg, slik at den er klar for eit liv i friheit – men med mange farar rundt omkring seg.