Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2024

Vi fann 123 artiklar i dette arkivet.


Planteloppemarked og ope museum på Åsen

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mai 2024

Laurdag 08.juni inviterer Surnadal Hagelag og Nordmørsmusea igjen til planteloppemarked i tunet på Åsen bygdemuseum, med påfølgande kaffeservering og opne museumsutstillingar.  Loppemarkedet startar kl. 13.00.  


Svorka kan melde om eit sterkt år med vekst og nye investeringar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 31. mai 2024

I ei pressemelding frå Svorka no på tidleg ettermiddag, kan vi lese at Svorka Kraft i 2023 oppnådd stor vekst og fremgang, trass i utfordringar i energisektoren. Svorka har teke viktige steg for å møte fremtida sine behov for fornybar kraft og betre infrastruktur, samtidig som dei har styrket sin posisjon i marknaden.


Realiserer ein draum – laurdag opnar Cafe Fyret

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mai 2024

Laurdag 1. juni opnar Jan Eilert Pedersen og kona Celina Tafjord dørene til Cafe Fyret som ligg i 2. etasjen i Domusbygget – midt på Skei.  Da vi stakk innom ein snartur i dag var det meste på plass og Jan Eilert var i gang med å førebu maten til opningsmenyen.


Bli med på Ræta opp!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 31. mai 2024

Under Todalsdagen 29. juni, blir det også i år Ræta opp og Mini Ræta. Ræta opp startar klokka 12:30, og i år går inntekta inntekta frå startkontingenten til det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion. Ræta opp har konkurranseklasse og trimklasse, og løpet er rundt 3 kilometer langt. Premie til dei beste i konkurranseklassen, og uttrekkspremiar i trimklassen.  


Stavgangarane med tur til Leikaren i går

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 31. mai 2024

I går gjekk Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Mogstad og opp til Leikaren. Sytten spreke stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur til Leikaren i det fine turvêret. 


Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 30. mai 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 1. juni i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid.


Trondheim Taekwon-Do klubb arrangerer sommarsamling for seksti pluss i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. mai 2024

Trondheim Taekwon-Do klubb, med god hjelp frå Surnadal Taekwon-Do klubb arrangerer frå onsdag til fredag denne veka sommarsamling for seksti pluss i Surnadal. Deltakarane på sommarsamlinga kjem frå taekwon-do klubbane i Trondheim, Selbu, Hustadvika, Molde, Skien og sjølvsagt Surnadal. Deltakarane kom til Surnadal på føremiddagen i går, og skal vere i Surnadal til tidleg ettermiddag i morgon. I tillegg til trening, har det vore god tid til sosialt samvær under sommarsamlinga, noko som er viktig understrekar arrangøren. I kveld tok dei turen til Todalen og Gammelfabrikken der det var grillmat og underhaldning. 


Todalshytta minner om grillkvelden på fredag

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. mai 2024

På Todalshytta setter dei ekstra pris på det fine sommarvêret.  Fredag kveld tenner dei på storgrillen og inviterer til grillkveld med mykje godt på grillen.  Kultur blir det og, for Johanne Holten frå Surnadal vil underhalde med song og musikk utover kvelden. Det blir start kl 18, og YR.NO  byr på finvêr og varme utover kveldet, fortel Arve Evensen på Todalshytta.  


Todalsdagen 2024 nærmar seg

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. mai 2024

Laurdag 29. juni inviterer Todalen Idrettslag til den 32. Todalsdagen på Bordholmen stadion. I går var leiarane i dei forskjellege komiteane samla til møte for å legge siste handa i planleggingsarbeidt for Todalsdagen 2024. Programmet syner at det blir ein tradisjonell dag, der den rutinerte komiteen verkar å ha full kontroll på alt bortsett frå vêret!



Surnadal JFF inviterer til aversjonskveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. mai 2024

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til aversjonskveld tysdag 11. juni klokka 17:30 på Nordholten på Surnadalseidet. Adressa for aversjonskvelden er Lykkjeeidet 322. Dette er siste aversjonskvelden i år, opplyser SJFF