Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2019

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


«Isforr-safari» langs Toåa

Dordi Jorunn Halle Fredag 6. desember 2019

Plana for dagens luftetur var Litjrundt, men etter tips frå ein halling, vart det i staden rundtur om Hengebrua. Frå Brusetbrua og innover langs Storelva ligg det no store isblokker langs elvbreidda etter isforra som gjekk tidlegare i veka; natt til onsdag?


Markerte både MOT-dag og Nissedag på ungdomskulen

Jon Olav Ørsal Fredag 6. desember 2019

Fredag var det markering på Surnadal Ungdomsskule i samband med MOT-prisen som Surnadal kommune mottok tidlegare i haust. I samband med prisutdelinga hadde kommunen besøk av Regine Oen Hatten (leder MOT kjerneaktivitet) frå MOT Noreg, og Gunn Anita Gjøvik (regionleder Møre og Romsdal / Nordfjord ). På programmet for dei to stod intervju med sentrale aktørar i MOT Surnadal, mellom anna kommunaldirektør Knut Haugen og filming med tanke på vidare arbeid og motivering.


Fotpleie før jul

Dordi Jorunn Halle Fredag 6. desember 2019

Det blir  fotpleie i Todalen sanitetshus før jul. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem onsdag 18. desember. Ho har ledige timar. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så snart som råd, det gjer arbeidet med timeoppsett og planlegging enklare.


«Todalen Ymseri» – definitivt i rute

Elinor Bolme Torsdag 5. desember 2019

 3. dagsfest blir det, både med revy, musikk, bevertning og ikkje minst sosialt samvær. Det lovar revykomiteen som jamnt og trutt har møttes fra september for å sette i saman eit innhaldsrikt program for bygdafolket, tilreisande og alle andre som ikkje bør la dette gå i fra seg. I år fell 3. dagen på fredag, noko som dei håpar skal bidra til fullt hus denne kvelden.


Stavganggruppa vart hedra med Eldrearbeidarprisen

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. desember 2019

Det var ordførar Margrete Svinvik som delte ut Eldrerådets Eldrearbeiderpris til Surnadal Pensjonistlags stavganggruppe under lagets julemiddag på Nordmøre folkehøgskule sist onsdag. Stavganggruppa fikk prisen for det viktige arbeidet som blir gjort for at eldre skal halde seg i god form – med varierte turmål i skog og mark i sommarhalvåret, og innendørs trim i vinterhalvåret. – Dette er eit lågterskeltilbod for folkehelsa og eit sosialt treffpunkt, eit godt tiltak, sa ordførar Margrethe Svinvik.


Rekordarta isforr ved Kårvatn – ingen skade så langt

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. desember 2019

Tysdag kveld var det rekordarta isforr ved Kårvatn. I elveløpet til Toåa er det heilt fullpakka av is, og Gudmund Kårvatn seier at han aldri har sett så mykje is i elva. Det danna seg ein ispropp i Hjellhølen, rett nedafor Kårvatn, og derfra innover til svingen ved Myrvang er elveløpet heilt fullpakka.


Månadens bilete november

Mari B. Redalen Onsdag 4. desember 2019

Med november bak oss har vi tromma saman ei ny rikhaldig månadens bilete kåring. Stem på bilete du liker best,og hjelp oss finne riktig vinnar. Vi blir glad på bidrag til resten av året òg. Kanskje «ståkar» du til jul, og kan senda oss noko advent eller julebileter?


Det lyser i alle grender

Elinor Bolme Onsdag 4. desember 2019

I går kveld var det Brusetmarka sin tur til å få tent lysa på julegrana si. Også her har det vorte ein tradisjon med felles samling i Trudvangkrysset, servering av gløgg, pepperkaker og litt sosialt samvær. Til tross for at vêrguden hadde hatt fullt opp med regn tidlegare på dagen var det godt oppmøte med både vaksne og born frå Bruset og opp til Kårvatn.


Julekonsert med Pønsj i Todalen

Bernt G. Bøe, musikalsk leiar P17 Onsdag 4. desember 2019

Vokalensemblet Pønsj er hovudattraksjon når juletonar fyller Todalskyrkja søndag kveld. Dertil blir Nina Braaten og arrangørkoret Prosjekt 17 å høre.
Sekstetten Pønsj vart danna i 2015. Songarane er eller har vore medlemmer av det kjente koret Ensemble Dali. Gruppa syng både julemusikk og andre ensemblesongar. – Vi har konsertert fleire stader i Midt-Norge og også i utlandet, seier Eilif Odde, TK-journalisten og songaren som i haust kontakta P17 om denne konserten. – No gled vi oss stort til å besøke Todalen!


Ras i raset

Elinor Bolme Tysdag 3. desember 2019

Etter eit halvt døgn med store nedbørsmengder så har det på fleire stader mellom Surnadal og Todalen no i ettermiddag rasa ut snø i vegbanen. To plassar i ved Hyldbakkan og litt over klokka 16 kom det ein del mengder ned på samme staden som raset uti stranda.


Tysdag: Julegrantenning i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Måndag 2. desember 2019

Tysdag kveld er turen komen for julegrantenning i Brusetmarka. Det skjer i Trudvangkrysset kl. 18.00 og her blir det servering med julegløgg og mykje anna godt.  Alle er velkomne til ei triveleg adventsstund i lokalmiljøet.  Arrangør er Brusetmarka vel.


Makan til føre – kjør forsiktig

Jon Olav Ørsal Sundag 1. desember 2019

Store mengder snøsørpe på vegane gjer at det er ekstremt dårleg føre. Vi oppfordrar folk til å ta det med ro og kjøre forsiktig, for du kan lett skjære ut og hamne utafor vegen. – Det har vore sluddbyger og regna jamnt utover dagen og det er heil uttruleg at det kan bli så dårleg føre.