Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2014

Vi fann 75 artiklar i dette arkivet.


Ap ønsker innspel til partiprogrammet

Elinor Bolme Torsdag 2. oktober 2014

Under kioskåpent på Hals førstkommande søndag (16-18) inviterer arbeidsgruppa i Surnadal Arbeiderparti todalingane til å komme med innspel til neste valgperiodes partiprogram. Partiprogrammet skal væra ferdig til 1. desember, så her oppfordrast alle med meining om mangt og mykje å komme på kioskåpent søndag seier leder i Surnadal Arbeiderparti Egil Nedal, slik at dei får mest mulig innspel å jobbe fram i mot.


4H-tur opp Rauåa

Elinor Bolme Onsdag 1. oktober 2014

Søndag inviterer Start 4H til fellestur opp Rauåa. Jon Olav Roaldset er vegvisar oppover lia ovanfor Elvagard og Brubakken. Oppmøte og start av ekspedisjonen skjer ved brua utaom Elvagard klokka 10 søndag 5. oktober.


Skulstuå får ny vêrvegg…

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. oktober 2014

Vêrveggen på Skulstuå (Gammelskulen) blir i desse dagar skifta ut. Da vi knipsa bilete i skyminga var arbeidet forlengst slutt, men det er snikkarar frå Latvia som utfører arbeidet. Ytterveggen hadde nok stått sitt høgst, og blir no skifta samstundes som ei av skottdørende blir kledd att. Tidlegare er vindauga mot vegen skifta ut på grunn av råteskade, og det blir vel meir vedleikehald etter kvart.