Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2014

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Tekniske problem – men normal drift fra 22-tiden

Jon Olav Ørsal Måndag 7. juli 2014

Fjord1 meldte i 22-tida at det er normal drift igjen på Rute 46 Kvanne – Rykkjem etter at det hadde vært tekniske problem på ferjekaia på Rykkjem tidligere på dagen.


Sommarkonsert i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 7. juli 2014

Fredag 11. juli kl 19.30 er det sommarkonsert i kyrkja. Da kjem saxofonisten Vibeke Breian og organisten Johan Martin Røsand til Todalen kyrkje for å underhalde oss, og vi trur at dette er vel verdt å få med seg og vil bli ein fin start på sommar og ferietid. Og dem har litt av kvart å by på …..


Stas med bæssmorbesøk…

Elinor Bolme Sundag 6. juli 2014

Ungdommane som tidlegare omtala er på tur frå Femunden til Stadt, har i helga oppheldt seg i Dovreområdet. Og da var ikkje mor Jorid og bestemor Marit seine om å ta seg ein tur for å treffe dei og gi frå seg litt ekstraproviant. Vi er så heldig å ha motteke eit lite reisebrev frå Marit Haugen.


Tropenatt med knapp margin…

Jon Olav Ørsal Sundag 6. juli 2014

Frå Jon Bruset har vi fått melding om at han har registrert tropenatt på Småhjellan i natt, men men knappast muleg margin på 20,1 grader. Det er andre gongen sia han starta dei daglege målingane i 1990. Max. temperaturen i løpet av natta var 24,2.


Varm festivaldag i Romådalen…

Jon Olav Ørsal Sundag 6. juli 2014

Medan gradstokken langt på veg til 30-talet arrangerte Norsk vandrefestival vandring til Romådalen, der proffesor og biolog sørga for det faglege innhaldet og Tryve Halle var med som kjentmann i dalen. Denne turen stod på programmet vor fjorårets vandrefestival, men måtte da avlysast på grunn av raset uti Stranda. Turen vart difor utsett til i år, og den samla rundt 25 deltakarar.


Hytte til sals – Åslia (solgt)

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. juli 2014

Lita fjellhytte til sals i Åsan, mellom Tårnet og Brusetsetra. Åslia er bygd i 1964, og består av hytte på ca 20 m2 og eit lite uthus med utedo og vedlager. Hytta ligg sydvendt i terrenge, ca 50 m frå Raugåa, ca 1/2 times gange frå øverste parkeringsplassen i Øyalia.


Tok seier mot Bøfjord – og ferie etterpå

Jon Olav Ørsal Fredag 4. juli 2014

Siste kamp før ferien endte med seier for fotballguttene på a-laget til Søya/Todalen. Første målet av Kenneth Sæterbø på et kanonskudd fra 25 meter rett i vinkelen. Bøfjorden kom inn i kampen igjen etter scoring på en litt billig straffe, skriv Knut Bergli i en epost til Todalen.no


Kjøler ned før VM-kampen….

Jon Olav Ørsal Fredag 4. juli 2014

Denne gjengen venta på avspark i kampen mellom Brasil og Colombia da vi stakk innom Todalshytta fredag kveld. Vi forstod at det var knytta stor spenning til denne kvartfinalekampen i VM-sluttspelet. Det var fyrt opp på peisestua og klargjort for fotballunderhaldning og nærmare midnatt vart det nok før det vart avklaring.


Lever funksjonærdraktene på Matkroken L.Hals

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. juli 2014

Det er nok mange som har teke med funksjonærdraktene som var bruka under Todalsdagen heim for å vaske dem. Todalen I.L. takkar for det, og melder at dei no kan leverast inn på butikken på Matkroken L. Hals, slik at dei er klare til bruk seinare. Draktene er ikkje til sals, melder laget.  


Stamlakskasser på plass i elva

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. juli 2014

Kasser for oppsamling av stamlaks er no på plass ved Toåa, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Dei siste par vekene har det pågått renovering av golvet i stamlakshuset, og derfor har det ikkje vore mottak av stamlaks. No er altså laksekara på plass igjen, og det er klart for å ta i mot stamlaks.


Orkidé med IKT-samling i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. juli 2014

Torsdag hadde rådmenn og kommunalsjefar fra tilsaman 11 nordmørskomunar ledarsamling i Todalen i forbindelse med innføring av nytt felles kvalitetssystem i regi av IKT-Orkidé.


Bygg reis deg – hytte på ein dag

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. juli 2014

Det går fort å sette opp eit hyttebygg no for tida. Einar Talgø og familien byggjer hytte på Neslandet, og sist torsdag var dagen komen for at hytta skulle leverast og monterast på tomta. Hytta er eit elementbygg frå elementfabrikken til MøreTre, og med bilveg fram til tomta vart hytta levert på to lass med kranbil.