Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2010

Vi fann 66 artiklar i dette arkivet.


MøreTre søkjer etter ledar til Elementavdelinga

MøreTre søkjer etter ledar til Elementavdelinga

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. september 2010

Talgø-bedrifta Møretre i Surnadal søkjer etter ledar til elementavdelinga. Dei er ute etter ein person som skal lede salget og produksjonen av element til landbruksbygg, garasjar og støyskjermar m.m. og kontorstad er på MøreTre sitt anlegg i Surnadal.

Les heile saka

Bygdadag med jubileum

Bygdadag med jubileum

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. september 2010

Laurdag er det bygdadag i Halsa. Det skjer i og rundt Halsahallen på Vågland, og dei har eit rikhaldig program med utstillingar, konkurransar, mat og underhaldning. Det er 10. gong dei arrangerer Halsadagen og programmet har aldri vore meir omfattande enn i år. Kjøreavtstand frå Todalen til Vågland er er ca 65 km og tek […]


Eldremiddagen medlem i Todalen.no

Eldremiddagen medlem i Todalen.no

Jon Olav Ørsal Fredag 3. september 2010

Sekretær i «Eldremiddagen» Martinus Torvik skriv i ein e-post til oss at dei ønskjer å bli medlem i Todalen.no. Det takkar vi for, og ønskjer dem velkomne som medlemar! Vi har no etter kvart vorte mange og fleire er i kjømda. Eldremiddagen starta på igjen etter sommarferien sist onsdag, og da var dei 20 i talet som var samla i Sanitetshuset til bacalao, og kaffe etterpå.

Les heile saka

Seier for G14 borte mot AK/KHF/Gry.

Seier for G14 borte mot AK/KHF/Gry.

Knut Haugen, IL Søya Torsdag 2. september 2010

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen G14 tok en fortjent borteseier mot AK/KHF/Gry på Bruhagen kunstgress onsdag kveld.
Vi tok ledelsen allerede etter 1 minutts spill, da Ørjan Nes Haugen headet inn en fin corner fra Håkon Vang Aas. De første 10 minuttene såg det ut til å bli enveiskjøring, da averøyingene nesten ikke var over midtbanen.

Les heile saka

Klubbkveld

Klubbkveld

Marte Talgø Onsdag 1. september 2010

I kveld var endeleg bordtennisbordet på plass. Etter ein rask montering var det full aktivitet omkring i klubben, kiosken var også i full sving. Vi satsar no på onsdagar framover og om det kjem mykje folk kan vi også utvide til to dagar i veka. Håper enda fleire tek turen til Bordholmen neste onsdag 8. september.
Vi opnar døra klokka 18:00 og held det gåande til 21:30. Neste gong er det ganske sannsynleg at biljardbordet står klart med alt nødvendig utstyr. Kiosken vil ha eit større tilbod og vi legger frem fleire brettspel. Om det er noko du lurer på er det berre å ta kontakt med Marte Talgø på telfon 98096071.
Tekst: Endre Talgø Foto: Marte Talgø og Inga Husby

Les heile saka

Zumba også i Todalen.

Zumba også i Todalen.

Elinor Bolme Onsdag 1. september 2010

Måndag kveld er det moglegheiter for å kunne prøve zumba også her i Todalen. Ein gjeng trimlystne damer har vore i kontakt med Thatianny for å laga eit lite innføringskurs for interesserte. Og Thatianny sa seg villig til å lære bort denne no utruleg populære trimforma.

Les heile saka