Dametrimmen startar på igjen
Torsdag 23. september kl 20 startar «Dametrimmen» ny sesong i gymsalen på Todalen Oppvekssenter. Dei ønsker gamle og nye trimmarar velkomne til trim, fortel Turid Hals Sæther til Todalen.no.
Vi fann 66 artiklar i dette arkivet.
Torsdag 23. september kl 20 startar «Dametrimmen» ny sesong i gymsalen på Todalen Oppvekssenter. Dei ønsker gamle og nye trimmarar velkomne til trim, fortel Turid Hals Sæther til Todalen.no.
Frå 1. januar overtek Talgø drifta av lageret på Vinstra. Dei vil da auke leigearealet frå 10.000 m2 til å leige heile lageret på ca 20.000 m2, og eit eige Talgø-selskap vil frå same dato drifte lageret. Handelshuset Martinsen flyttar si lagerverksemd til eige lager på Jevnaker. Det nye Talgø-selskapet vil få 15-20 ansattte og får eiga leiing.
Les heile sakaBeiteforholda i fjellet har stått sitt høgste, og dei fleste sauer og krøter er komne heim frå fjellbeitet. Det har i år vore gode beiteforhold, men no er nok hausten i ferd med å gjere sitt inntog i fjellet og beitekvaliteten er redusert. I tillegg spøker også rovdyrproblema, og vi høyrer at jerven gjer stor innhogg i sauflokkane. I år ser det ut til at desse problema er moderate i Todalsfjella, men sauleitinga er enno ikkje slutt så resultatet er enno litt usikkert.
Les heile sakaSeptember er rekna som den første haustmånaden, og i fjellet held hausten på og gjer sitt inntog. Sauene er på veg heim frå fjellet, og haustfargene trer fram og vert sterkare for kvar dag som går. Fredag starta rypejakta, og ein høyrer hyppige haglesmellar rundt omkring fjelltoppane. Jegrane som var med frå starten hadde fint turvêr i helga, sjølv om den søraustlege vindretninga ikkje er rekna som godt jaktvêr. Det er fint å gå i fjellet om hausten, og vi kan enno få mange fine turar før vinteren tek over og snøen kjem. Nytt høvet til å ta deg ein tur, og nyt den klåre fjellufta og den fine utsikten.
Les heile sakaEt pilotfjøs for melkeproduksjon hvor tre er hovedbyggematerialet er tatt i bruk på Averøya. Fjøset er et lettisolert fjøs i tre, utviklet for repeterbar og industriell bygging av MøreTre i samarbeid med melkebonde Finn Roger Trodal på Averøya. Prosjektet har støtte fra Innovasjon Norge/Trebasert Innovasjonsprogram. MøreTre melder allerede om flere forespørsler på konseptet og i følge melkebonden trives kyrne i nye omgivelser.
Les heile sakaEtter rimelig lang ventetid, har vi endelig premiene for månedens bilde klart. Vi har laget vårt eget todalen.no krus. Tidlegare vinnarar vil få sine krus i løpet av helga, og vi håpar dei fell i smak, kvar einaste dag!
Les heile sakaTrollheimstunnelen.no har lagt ut ein informasjonsfilm om tunnelen. Du kan sjå den nedanfor eller besøkja Trollheimstunnelen.no.
Les heile sakaI ettermiddag var det 5. divisjonskamp på Bordholmen mellom KvassUlvungen 2/SøyaTodalen og Halsa/Valsøyfjord. Resultatet blei 1-1 etter høyt press av heimelaget i sluttminutta, men sjansane gav ikkje uttelling.
Les heile sakaAvstemninga for månadens bilete i august er ferdig, og vinnaren blei Britt Mossing med biletet «Bakelsmåltid». Vi gratulerer, og premie vil bli overbragt snart.
Les heile sakaOnsdag kveld hadde Halsesamlinga årsmøte eller såkalla almannamøte i gammelskulen. Kriteria for å delta på årsmøtet er at du er todaling og formålet med Halsesamlinga er å ta vare på kulturarven etter forfattaren Leif Halse. Forutan vanlege årsmøtesaker var det to viktige saker som almannamøtet skulle ta stilling til. Den eine var flytting av Halsesamlinga fra Gammelskulen til biblioteket i Todalen oppvekstsenter og den andre var styrets forslag om å legge samlinga inn under Todalen historielag.
Les heile sakaI kveld var det ein spanande fotballkamp på Bordholmen. Vårt eige G10 lag møtte eit av G10 laga på Kvanne.
I eit forykande tempo frå start til slutt vart det scora heile 22 mål på under timen. Og for første gong denne serien, vart seieren til todalingane, med 13-9.
Les heile sakaUnder dagens eldremiddag, som blir arrangert kvar veke i sanitetshuset, var det besøk frå ambulanse for å visa fram hjartestartaren som er innkjøpt i Todalen. Det var Arnt Ivar Brøndbo og Kari Halle som var på besøk, i tillegg til Ivar Bolme fra Todalen Brannlag.
Les heile saka