Arkiv for desember, 2009
Vi fann 45 artiklar i dette arkivet.
Bruk av fyrverkeri
Surnadal kommune ber oss være forsiktige med fyrverkeri på nyttårskvelden.
Les meir om saka på Surnadal kommunes heimeside
Kald start på nyåret
Yr.no melder om ein kald start på nyåret. For Todalen meldes det om temperatur heilt ned mod 15-16 minusgrader.
Les heile sakaJulekabaret for fullt hus
Det var «stinn brakke» i Ungdomshuset 3. dagskvelden på idrettslagets julekabaret. Ungdomshuset var fylt til siste plass, og alle medrekna var det såvidt over to hundre personar innafor dørene.
På første framsyninga var det meir romsleg, men den var også bra besøkt. I det heile tatt er vi veldig godt nøgd med responsen på julekabareten, sa festsjef Bjørn Hauglann.
Romjulsmarsjen 2009
I dag var det romjulsmarsj. Det var knapt 150 som gjekk marsjen. Det var fint vêr, det var vindstille, opphaldsvêr og omtrent 0 grader. Her finn du og bilete, og du kan prøva deg på quizen om du ikkje hadde muligheit til å delta.
Les heile sakaTriveleg pubrunde på Todalsøra
Andre juledag var Todalen.no ein tur på Todaløra og besøkte Pakkhuset pub. Vi var nok der litt for tidleg på kvelden, men etterkvart vart det da ganske bra tilsig med julegjestar.
Les heile sakaOm julehefte og Vangsgutane i NRK P2
Lille julaften var det eit program i P2-radio om tradisjonane med julehefte og spesielt Vangsgutane.
Les heile sakaJulefreden senkar seg i Todalen
No i denne stund blir jula ringt inn over det ganske land og julefreden grip taket i oss og forhåpentleg vis roar oss ned nokre hakk.
Les heile saka«Hoinner å æn ut» kl 20.00
Billettane til julekabaretens kveldsframsyning er forlengst utsolgt, men det er enno i skrivande stund att billettar til dagframsyninga som startar kl 15.
Her gjeld også «Først til mølla», så det er berre ta turen til ICA Todalen eller kontakte festsjef Bjørn Hauglann på tlf 913 38 051 for å få tak i billettar.
Bli med på Romjulsmarsj
Trimgruppa i TIL inviterer til årets Romjulsmarsj 3. juledag. Yr.no melder om fint turvær heile jula og Anita Talgø i Trimgruppa rekanr med at det blir eit yrande liv med mange deltakarar i år
Les heile sakaMedalje for lang og tro tjeneste
Tysdag 22.12.09 fekk Karen Johanne Talgø tildelt Medaljen for lang og tro tjeneste på Todalen skule. Det er Det Kongelige Selskap for Norges Vel som deler ut denne påskjøninga. Kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik overrekte medaljen og blomster ved ei samankomst på Todalen oppvekstsenter. Foto og tekst: Britt Mossing
Og nissen kom til slutt.
Mandag kveld var det full sal ved Todalen Skule då elevane hadde gjort i stand til juleavslutning. Kvart årstrinn hadde førebudd minst eit innslag for dei mange frammøtte.
Fleire bilder vil komme utpå kvelden, då galleriopplastinga vår har teke tidleg juleferie.
Les heile saka