Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2020

Vi fann 88 artiklar i dette arkivet.

Side 8 av 8« Første...45678

Tysdag blir det balldag, igjen!

Jon Olav Ørsal Sundag 2. august 2020

Tysdag førstkomande blir det balldag på Todalshytta igjen, fortel Stian Evensen som er sjefskokk og degleg leiar.  Stian har fått grundig opplæring i ballkokarfaget av Åse Øyen, og komande tysdag skal han i ilden, nærast som ein fagprøve. Serveringa startar kl 14, og vil du være med så gjeld det å melde seg på.


Ryddedugnad rundt ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. august 2020

Onsdag 5.august kl. 18:00 blir det ryddedugnad rundt ungdomshuset. Drift- og anleggsgruppa oppfordrer folk til å komme på dugnad og pynte opp rundt ungdomshuset. Ta med ryddesag, grastrimmar eller anna høveleg reiskap l Sommarfest!  


Bli med på Sommarfest

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. august 2020

Laurdag 8.august kl. 20:00 inviterer Todalen I.L. alle over 15 år til Sommarfest i ungdomshuset. Arrangøren håper på godt vêr og god stemning.


Ein godbit til vinters

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. august 2020

På Toåa tursti, ved Oddøyøran, trefte vi tre kvennsetgardingar som var ute i eit spesielt ærend.  Dei var ute for å ta lauv, som dei skulle bruke til saumat i vinter. No er det rette tida for å ta ut kvistar med mykje lauv på, for å tørke dei til vinterfor. Dei var ute etter selje og rognkvistar som egna seg best.


Side 8 av 8« Første...45678