Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2011

Vi fann 49 artiklar i dette arkivet.

Side 2 av 512345

Stem  på  Årets  bilete

Stem på Årets bilete

Ole Petter Talgø Måndag 24. januar 2011

Då er tida inne for å stemma fram biletet som er mest populært i 2010. Utgangspunktet er dei 10 vinnarane av månadens bilete, som starta opp i mars. Kva du legg i din stemme er opp til deg, men vi håpar kreativitet, fotokvalitet, motiv og stemning vil vere blant kriteria.

Les heile saka

Meir  regn  i  vente  i  natt

Meir regn i vente i natt

Jon Olav Ørsal Sundag 23. januar 2011

Dei siste to døgna har det regna jamnt, og i kombinasjon med høg temperatur fører dette til auka vassføring i elvar og bekkar. I Toåa renn vatnet no oppå isen, og det kan nok være utrygt for isforr etter kvart. Vi har fått rapport om at det er gått isforr/sørperas i Sagelva innafor Kårvatn, og at det er gjort ein del skade på det nye vassanlegget og på brua innmed hyttefeltet der. Det er uklart kor omfattande denne skaden er, men vi får vel etter kvart meir informasjon om det.

Les heile saka

Film  frå  Kårvatn

Film frå Kårvatn

Elinor Bolme Sundag 23. januar 2011

I år som i fjor har den svenske skialpinistsiden lagt ut video frå Norges Cup rennet på Kårvatn.  Andrè Johnsson hadde påmontert kamera på hjelmen, og vi får med dette sjå deler av løpet. Både hvor fort det går opp og ned. Sjå vidoen med mykje todalsnatur her .

Les heile saka

Todalsdagen  2011  –  laurdag  2.  juli

Todalsdagen 2011 – laurdag 2. juli

Jon Olav Ørsal Sundag 23. januar 2011

Da er det klart at Todalsdagen 2011 blir arrangert laurdag 2. juli. Da blir det storinnrykk og fotballfest på Bordholmen, fortel Bjørn Hauglann, som er leder for fotballgruppa i Todalen Idrettslag som er arrangør av Todalsdagen. Denne dagen er det full fokus på barna- og barnefotballen, der knøtter, miniputter og smågutar/jenter får vise kva dei er gode for. Et førtitals lag, der dei fleste kjem få Nordmøre, vil kjempe om ballen og ein heil dag med fotballglede. Dette er dagen for å ta med både foreldere, søsken, samt bestefereldre, tanter og onklar til Bordholmen.

Les heile saka

Kjør  forsiktig!

Kjør forsiktig!

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. januar 2011

Regnvêret det siste døgnet har gjort vegane speilglatte og fleire plassar har det danna seg store dammar. held du for stor fart er det lett å få seg ei overrasking og litt meir problem enn ein sett pris på. Fylkes og kommunevegane i Todalen er bra strødd, og det hjelper på. Men vegen frå Hauahyllå og inn til Skei er meir problematisk. Her er kraftige spor i vegbanen, og held du litt for stor fart kan det lett bli ein tur ut i periferien.

Les heile saka

Telemarkssamling  på  Rauma

Telemarkssamling på Rauma

Elinor Bolme Laurdag 22. januar 2011

Sist helg var nokre lokale telemarksutøvarar som er utteke til regionslaget, på Rauma Skisenter på Åndalsnes. Her var det trening heile helga i skianlegget. Todalen er her representert med Ola Talgø, medan Surnadal er representert med Linnea Bævre og Hanne Heggset i tillegg til nokre frå Åndalsnes.

Les heile saka

Fotballsesongen  2011  i  rute

Fotballsesongen 2011 i rute

Elinor Bolme Fredag 21. januar 2011

Fra fotballgruppa i Søya/Todalen har vi fått ei melding om at dei aller fleste Søya/Todalen-laga så langt er i rute med trenarar og lagledarar. Dei eldste har allereie starta med treningar i Surnadal Idrettshall. Når våren nærmar seg, vil og dei yngre og få dette tilbodet.

Les heile saka

Svorka  oppgraderer  nettet

Svorka oppgraderer nettet

Ole Petter Talgø Fredag 21. januar 2011

I det nyaste Svorka-nytt kan vi lesa om at Svorka oppgraderer for tida abonnementa. Dei gamle abonnementa på 1,5-4,5 Mbit (ned-hastigheit) byttes ut med abonnement på 5 og 10 Mbit. Alle abonnement vil normalt bli flyttet over til 5 Mbit fra 1. april, med en prisredusjon for dei som i dag har 3/4,5 Mbit og ei auke for dei med 1,5 Mbit.

Les heile saka

G14  starter  ny  sesong

G14 starter ny sesong

Jon Olav Ørsal Fredag 21. januar 2011

Torsdag 20. januar startet årets G14-lag opp med trening i Surnadal Idrettshall. Det møtte 11 spillere av en stall på totalt 14-15 til den første økta, som ble ledet av Ola Einar Øyen. Med seg i trenerteamet har han også Jo Gjeldnes og Kristian Gjeldnes. Oppmannsjobben deles av Dorit og Christian Madaus, med litt hjelp av assistenttrener Kristian Gjeldnes.

Les heile saka

Barn  i  løypa

Barn i løypa

Marte Talgø Torsdag 20. januar 2011

Barn i løypa er for fullt i gang på Ørsala. Dei to fyrste gongane var det mykje oppmøtte folk, både store og små, kan den utsendte fotografen fortelje. Det er kvar torsdag så lenge snøen blir. Og det er berre å møte opp neste gong!

Les heile saka

Todaling  i  M.A.G,  med  CD-debut

Todaling i M.A.G, med CD-debut

Elinor Bolme Tysdag 18. januar 2011

På både Trollheimsporten sine nettsider, og hos Tidens Krav er det oppslag om CD-debuten til Surnadalsgruppa M.A.G. Dette er ei gruppe beståande av 5 karar, der den eine er todalingen Jan Peter Husby. Dei slepper no sin aller første CD i desse dagar, med tittelen «Mangolia».

Les heile saka

Fleire  bilete  frå  NorgesCupen

Fleire bilete frå NorgesCupen

Jon Olav Ørsal Måndag 17. januar 2011

Vi har fått fleire bilete fra NorgesCupen på Kårvatn. Daniel Kvalvik som er mediaansvarleg i Norsk Skialpinisme har sendt oss fleire fine bilete frå turen han hadde opp til toppen (1040 m). Dei er lagt ut som eit bildegalleri nedafor som du kan klikke deg inn på. Norsk Skialpinisme har også ei fin heimeside som er verdt å ta turen innom. Klikk deg inn på sida her, og sjå alle dei fine bileta fra rennet på Kårvatn.

Les heile saka

Side 2 av 512345