Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2010

Vi fann 66 artiklar i dette arkivet.

Side 2 av 612345...Siste »

Finn du feil?

Ole Petter Talgø Sundag 26. september 2010

Under ein oppdatering av publiseringssystemet for ei lita stund sidan sneik det seg inn ein feil som gjorde at bileteframvisninga ikkje fungerte som den skulle i Internet Explorer. På grunn av at det meste av testinga i etterkant blei gjort i andre nettlesarar, blei det ikkje oppdaga. Det skal vere ordna no, slik at det […]


Den  første  snøen….

Den første snøen….

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. september 2010

Vinteren kryp innpå, og den første snøen er alt komen. Den pyntar faktisk opp i Snøfjellet og Skjeringfjellet, men det har ikkje nokon hast enno. Det er faktisk eit par veker sidan den aller første snøen kom, men den forsvann like fort som den kom. Regnværet vi har hatt dei siste dagane, har nok kome som snø i høgda.

Les heile saka

Open  dag  med  koppsalg

Open dag med koppsalg

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. september 2010

Laurdag hadde Todalen.no open dag på ICA Todalen, der «redaksjonskollegiet» var tilstades for å treffe brukarane av nettsida og for å selge dei nye fine koppane med logoen til Todalen.no på. Det var mange som var innom kaffekroken, både for å kjøpe kopp og for å kome med synspunkter på nettsida.

Les heile saka

Løftatur  på  tirsdag,  i  sanitetens  veke.

Løftatur på tirsdag, i sanitetens veke.

Elinor Bolme Laurdag 25. september 2010

Neste veke arrangeres sanitetens veke rundt om heile landet. Også her i Todalen vil dette behørig bli markert. I år er temaet fysisk aktivitet og ernæring i eit forebyggande perspektiv som står i fokus. Difor har Todalen Sanitetsforening i år utvida den årlege Løfta turen litt.

Les heile saka

Ny  kopp  på  95-årsdagen!

Ny kopp på 95-årsdagen!

Jon Olav Ørsal Fredag 24. september 2010

Vi gratulerer Lisbet Halle i Austistua, som fredag fyller 95 år og kan feire dagen med ny fin kopp frå Todalen.no! Lisbet fortel at ho skal feire dagen heime, saman med den næraste familien. Lisbet har gjennom heile livet vore sterkt samfunnsengasjert, og ville støtte Todalen.no gjennom å kjøpa seg ein kopp med nettsidas logo på. Vi tykte det var ei høveleg anledning til å ta på oss spanderbuksa.

Les heile saka

Lagseriestemne  slutt  for  i  år

Lagseriestemne slutt for i år

Marte Talgø Torsdag 23. september 2010

I kveld var det det siste lagseriestemnet for i år. Mange blide ungar og foreldre møtte opp og deltok i friidrettsaktivitetane. Og som alle andre år var det premieutdeling og servering.
Sjå bilete.

Les heile saka

Fann  kalvane  i  Romådalen

Fann kalvane i Romådalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. september 2010

Onsdag var 6 av dei 7 kalvane som var borte i Romådalen funne. Det var Gudmund K. Kvendset som var på sauleiting i Steintælfjellet som observete kalvane i Litjbotn, som er ein sidedal til Romådalen. Torsdag vart dei henta ned til bygda av Åshild og Trygve. Den siste kalven var ikkje i lag med dei andre, og dei trur at den har forulykka på eit eller anna vis.

Les heile saka

Susrock  i  gang!

Susrock i gang!

Marte Talgø Torsdag 23. september 2010

Den tradisjonelle revyen til 10.trinnet på Surnadal ungdomsskule er godt i gang. Vi starta i mai med å skrive manus, og er no snart i mål. Tirsdag 28. september er det skuleforestilling og premiære på kvelden.

Les heile saka

Skialpinistane  kjem  att.

Skialpinistane kjem att.

Elinor Bolme Torsdag 23. september 2010

I helga vil Kårvaten nok ein gong bli base for Norsk Skialpinisme sine aktivitetar. Da vil dei ha ei helg med trening og konkurransar seg i mellom. Deltakarane blir noko av den same gjengen som var her i vinter, men det er og meldt om lokal deltagelse, då av Halvor Drøpping. Alt denne gjengen har for seg dreiar seg stort sett om å gjere det mest muleg, på kortast muleg tid. Og det som kanskje kan vera av interesse denne gongen er Nauståfossen rundt, eit skikkeleg tøft terrengløp.

Les heile saka

Brage  Hauglann  Talgø  best  mot  Sunndal.

Brage Hauglann Talgø best mot Sunndal.

Knut Haugen, IL Søya Torsdag 23. september 2010

Det var duket for storkamp i finalespillet for G14 da Sunndal gjestet Søyabanen onsdag kveld. Hjemmelaget Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen åpnet helt uten respekt for Sunndal, og var fullt på høyde etter både spill og sjanser i 1. omgang. Derfor var det også litt ekstra surt da Sander Grimelid kom gjennom på venstrekanten og satte ballen kontrollert i langhjørnet like før pause.

Les heile saka

Kulturkalenderen for Surnadal Kulturhus

Elinor Bolme Torsdag 23. september 2010

Frå Surnadal Kulturhus har vi fått ei henvending om å legge ut kulturkalenderen for oktober 2010. Og med baktankar om eit framtidig medlemskap her på todalen.no, så gjer vi sjølvsagt det


Løp  og  kjøp!

Løp og kjøp!

Elinor Bolme Torsdag 23. september 2010

På laurdag frå klokka 10 til 13 vil trekløvertet i redaksjonen for todalen.no sitte på Hals for å starte det offisielle salget av koppane vi har fått laga. Koppen kostar 100 kr stykket, og kan fåast i to ulike utførelsar, men ikkje i ubegrensa opplag.

Les heile saka

Side 2 av 612345...Siste »