Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2010

Vi fann 65 artiklar i dette arkivet.


Bra vêr til Trollheimsmarsjen

Bra vêr til Trollheimsmarsjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. august 2010

Det har vore knytta spenning til vêrmeldingane for søndagens Trollheimsmarsj. I skrivande stund ser dette lovande ut, med solgløtt og 14 varmegrader utpå ettermiddagen på nettsida til Meteorologisk institutt. Med søraustleg vindretning på 2-3 meter i sekundet vert det nok bra tilhøve for turen over fjellet. Du kan halde eit auge med vêrmeldingane for Vardan ved å klikke […]


Setrene i Søyådalen

Setrene i Søyådalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. august 2010

Jon Bruset har vore på tur til Søyådalen, og har sendt oss ein bildeserie og nokre ord om turen. Han skriv: «På austsida av elva kjem ein først til Holtasetra, der dei heldt på med setringa lengst, til 1956. Like ved ligg Klokkargardssetra der setringa vart avslutta i 1946. Lengst inn på vestsida av elva ligg Mosetra der det var setring til 1937. På denne stølen sto også Øyskogsetra, som er oppattbygd som hytte.

Les heile saka

Familiedag i Svinvika

Familiedag i Svinvika

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. august 2010

Laurdag 28. august (12.00-16.00) arrangerer Todalen Historielag og Stangvik Historielag familiedag i Svinvika, hos Gunn Tove og Sven Olav Svinvik. Dei kan by på eit variert program denne dagen, og sjølvsagt vert det høve til å ta både store og små lamaer i nærare øyesyn. Jon Bojer Godal vil orientere om byggeskikkar og bruk av tre i hus og båtar. Godal har allsidig erfaring om dette, mellom anna frå tida han var tilsett på Maihaugen.

Les heile saka

Leiteaksjon avblåst

Jon Olav Ørsal Måndag 23. august 2010

Personen som har vore sakna vart funne på Nordvik.  Sjå heimesida til NRK Møre og Romsdal.


Eldremiddagen startar på igjen

Eldremiddagen startar på igjen

Jon Olav Ørsal Sundag 22. august 2010

Onsdag den 1. september kl 13.00 startar «Eldremiddagen i Todalen» opp etter sommarferien. Kokkar og matrettar vil vera attkjennande og staden er fortsatt Sanitetshuset. Vel møtt til gamle og nye gjester kvar onsdag kl. 13.00 framover hausten, skriv ledar for Eldremiddagen, Martinus Torvik i e-post til Todalen.no

Les heile saka

SJFF med familiedag på Kårvatn

SJFF med familiedag på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. august 2010

Laurdag inviterte Surnadal JFF til familiedag på Kårvatn. Aurefiske stod på programmet denne dagen, og med opplegg for grilling ved gapåahuken på Sommarfjøsvollen lågalt til rette for ein vellukka dag. Arrangementet kolliderte imidlertid med Søya Cup som hadde samla alle småtassar i aktuell aldersgruppe til fotballfest, fortel ledar i Kårvatnutvalget Ola Røe. Derfor vart det heller labert oppmøte på familiedagen, men dei som møtte fekk imidlertid full uttelling med juvfiske i Neåa og delvis i øverste delen av Toåa.

Les heile saka

SøyaCup’n vel i hamn

SøyaCup’n vel i hamn

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. august 2010

Søya Cup 2010 er vel i hamn og vart eit vellukka arrangement. Det har deltake mange lag, og  mykje folk møtte opp som tilskuarar på Søyabanen. God planlegging og dyktige funksjonærar gjorde arrangementet til ei suksessforestilling, med 78 kampar på 7 banar. Værgudane held seg også på arrangørens side, og gjorde dagen til ein festdag med […]


Fant gaupekranie på Neådalstur

Fant gaupekranie på Neådalstur

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. august 2010

For ei veke sidan var veterangruppa frå Tingvoll I.L på tur til Neådalen. Da Tingvoll Gard hadde sauer i Neådalen var dei innhyra til sauleiting gjennom fleire år. Inntekta frå bruka dei for å finansiere tur til Holmenkollstafetten. No var dei attende for å jubilere og mimre på helgatur til Neådalen, der dei denne gongen kosa seg med fiske og kortare turar i området.

Les heile saka

Saniteten i gang med fotpleie

Saniteten i gang med fotpleie

Jon Olav Ørsal Fredag 20. august 2010

Saniteten har starta på med fotpleie igjen. Første runde er torsdag 9., fredag 10. og måndag 13. september Det foregår som vanleg i Sanitetshuset på Kvennset. Påmelding til Marit Sanden Søyset, tlf. 71 66 39 28 / 98 03 63 91.


Skulen har starta på igjen

Skulen har starta på igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 20. august 2010

Skulen har starta på igjen, og frå Britt Mossing har vi fått e-post med bilder av alle elevane og dei to nye forsteklassingane. Ho skriv: «Da er det nye skuleåret kome i gang. Elevane møtte opp i strålande solskin torsdag 19.august. Her er elevane samla i hallen, der vi starta som vi slutta med å synge Optimist. I år er det 27 elevar på skulen. I første klasse starta det i år to jenter. Dei var litt spente denne første dagen på korleis det ville bli å gå på skulen».

Les heile saka

Kårvatn Fjellutstyr på NRK

Kårvatn Fjellutstyr på NRK

Ole Petter Talgø Fredag 20. august 2010

NRK har vore på besøk hos Kårvatn Fjellutstyr, som trygt kan seiast å vera ein butikk utanom det vanlege. Tirsdag denne veka vart reportasjen sendt på NRK Møre og Romsdag, og for dei som ikkje fekk sett den, er det muleg å sjå den på NRK Nett-TV. Sendinga for tirsdag finn du her, og reportasjen […]


SurnadalsTAVLA

SurnadalsTAVLA

Ole Petter Talgø Onsdag 18. august 2010

SurnadalsTAVLA er ei nettside for ungdom i Surnadal, og kjem med nyheiter frå lokalmiljøet og andre aktuelle reportasjar. Målgruppa er ungdom mellom 15 og 25 år, og målet er å skape samhald og trivsel slik at ungdom vil vera i kommunen. For dei som snart skal ut og studera, finn vi blant anna studiebeskrivelsar frå […]