Styret for 2025, valt på årsmøtet 27. mars 2025:
- Leiar: Svein Håvard Brøndbo, valt for 1 år.
- Nestleiar: Frikk Talgø, valt for 2 år.
- Sekretær: Jo Gjeldnes, valt for 1 år.
- Kasserar: Kjetil Sogge, valt for 2 år.
- Ingrid Pedersen, ikkje på val.
- 1. vara: Bjørn Gunnar Ansnes, valt for 1 år.
- 2. vara: Ola Haugen Ansnes, valt for 1 år.
- Revisor: Finn Ranes, valt for 2 år.
- Valkomite: Jan Bruset, ikkje på val og Ola Dalsegg, valt for 2 år.
Nyheter knytta til Todalen bøgdalag

God stemning på møtet om ny bruk av skulebygget
Det var bra frammøte og stor interesse for framtida til skulebygget i Todalen. Det var Surnadal kommune som inviterte bygdefolket i Todalen til «ide-møte» med tanke på kva som skal skje med skulebygget først og fremst og kanskje seinare også skjebnen til barnehagebygget. Skulen vart som kjent lagt ned etter at skuleåret var slutt i 2021, medan barnehagen vart midlertidig stengt frå same tid. Barnehagen er ikkje nedlagt, og kan søkjast på inntil 2024 og kan bli starta opp igjen dersom det blir nok søkjarar

Korleis skal vi bruke barnehage- og skulebygget i framtida
Surnadal kommune ønskjer ein dialog med lokalbefolkninga i Todalen om framtid bruk av barnehage- og skulebygget, og inviterer difor til møte for å få positive innspel og gode idear frå bygdefolket.
Møtet skjer måndag 30. mai kl 19:00 i gymsalen i skulebygget i Todalen. Frå Surnadal kommune kjem ordførar og kommunedirektør, og truleg 1-2 personar til frå administrasjonen. I tillegg er formannskapet invitert til møtet

Med heile bygda til frukost på Bordholmen
PÅ grunnlovsdagen inviterte Todalen Idrettslag alle sambygdingar og andre interesserte til frukost på Bordholmen. Og mange tok nok mot invitasjonen og på det meste vart det nok godt over hundre til bords på «uterestauranten» framfor klubbhuset. Leiar i Todalen I.L., Elinor Bolme, tykte det var stor stas med det fine vêret og alt folket hun hadde til bords i formiddagstimane på grunnlovsdagen

Da er vegkantane rydda til 17. mai
I kveld var det ryddedugnad, for å rydde langs vegkantana rundt bygda, slik at det skal vere fint til 17. maifeiringa. Mange, både frå Start 4H og andre, møtte opp for å vere med på ryddedugnaden, så på ein stor time var alle vegkantane rydda.

Ryddedugnad før 17. mai
Torsdag 12. mai klokka 18:00 blir det ryddedugnad for å rydde vegkantane langs Fylkesvegane rundt bygda og langs dei kommunale vegane: Pilskarvegen og Markavegen. Dette for å gjere det fint langs vegane til 17. mai-feiringa. Oppmøte på Bordholmen stadion klokka 18:00. Her blir det delt opp i plukkelag som får tildelt strekning for rydding. Det trengs bilar/ATV-ar med hengarar, så om nokon kan stille med det, hadde det vore fint!

Folketog utan korps er utenkeleg!
Det såg litt mørkt ut, men de gamle er eldst og tek ansvar for å mobilisere tidlegare korpsmedlemar til å sørge for korpsmusikk i folketoget i Todalen. Det er nok litt artig lell, vi tykkjer nok at korpsmusikken hører med i folketoget, seier Ingeborg Myrvang og Frode Grønmyr som har jobba med mobiliseringa

Todalen Grendalag vart Todalen bøgdalag
Torsdag kveld var det årsmøte i Todalen Grendalag. Etter årsmøtet heiter Grandalaget no altså Todalen bøgdalag. Det var ikkje akkurat fullt hus og stromande jubel, men dei frammøtte fekk eit innblikk i kva Grendalaget hadde dreve med det siste året. Rekneskapen for 2021 viste eit overskott på i overkant av 10.000 kroner, og laget hadde ved årsskiftet aktiva for knappe 60.000 kroner.

Sakliste til årsmøtet
Todalen Grendalag minner om sitt årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 7. april klokka 19:00. No er komplett sakliste klar, og i tillegg til dei vanlege årsmøtesakene: årsmelding, rekneskap og val, så har det kome inn to saker som skal behandlast på årsmøtet. Første sak er forslag om namneendring frå Todalen Grendalag til Todalen bøgdalag. Den andre saka er forslag om å overføre det organisatoriske ansvaret for 17.maifeiringa i Todalen til grendalaget, frå og med 2023.

kallar inn til årsmøte
Todalen Grendalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 7. april klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Den som vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg til valnemnda ved Finn Ranes eller Ola Dalsegg innan 20. mars. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet må sendast skriftleg til styret ved Ragnhild Ansnes Moe innan 27. mars.

Vi vart færre og litt eldre
Folketalsstatistikken for Todalen (Svinvika – Kårvatn) syner at det 31.12.2021 var 294 todalingar, 5 færre enn 31.12.2020. Det var ved årsskiftet 139 kvinner og 155 menn. Gjennomsnittsalderen gjekk bitte litt opp, frå 46,8 år til 47,1 år, altså opp med 0,3 år i høve til 2020. Det er Todalen Grendalag sin eigen folketalsstatistikk som syner dette.

Trekningsliste «Julegatelotteriet»
I kveld var det trekning i Todalen Grendalag sitt «Julegatelotteri». Totalt 14 gevinstar fekk etter kvart ein heldig vinnar. Det vart seld 215 lodd i årets «Julegatelotteri» Todalen Grendalag takkar alle som har kjøpt lodd i årets «Julegatelotteri» for støtta. Todalen Grendalag takkar og det lokale næringslivet som har bidrege med gevinstar.

Flott julegate på Kvennset
Todalen Grendalag står som initiativtakar og arrangør av den flotte julegata på Kvennset i samarbeid med Talgø og Matkroken Todalen som også er med på lyssettinga. Det var mange som trossa dei 15 kuldegradane og møtte opp for å være med på tenninga av julegata som skjedde søndag kveld – presis kl 18.