Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen bøgdalag

Todalen Grendalag er medlem av todalen.no

Styret (valt på årsmøtet 2023):

Leiar: Svein Håvard Brøndbo

Nestleiar: Øystein Moe

Kasserar: Kjetil Sogge

Sekretær: Anne-Berit Kvendset

Styremedlem: Bjørn Gunnar Ansnes

1.vara: Ola Haugen Ansnes

2.vara: Jo Gjeldnes

Først publisert: 22. juni 2019, 07:23 - Sist oppdatert: 30. januar 2024, 07:48

Nyheter knytta til Todalen bøgdalag

kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. mars 2022

Todalen Grendalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 7. april klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Den som vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg til valnemnda ved Finn Ranes eller Ola Dalsegg innan 20. mars. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet må sendast skriftleg til styret ved Ragnhild Ansnes Moe innan 27. mars. 


Vi vart færre og litt eldre

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. februar 2022

Folketalsstatistikken for Todalen (Svinvika – Kårvatn) syner at det 31.12.2021 var 294 todalingar, 5 færre enn 31.12.2020. Det var ved årsskiftet 139 kvinner og 155 menn. Gjennomsnittsalderen gjekk bitte litt opp, frå 46,8 år til 47,1 år, altså opp med 0,3 år i høve til 2020. Det er Todalen Grendalag sin eigen folketalsstatistikk som syner dette. 


Trekningsliste «Julegatelotteriet»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. november 2021

I kveld var det trekning i Todalen Grendalag sitt «Julegatelotteri». Totalt 14 gevinstar fekk etter kvart ein heldig vinnar. Det vart seld 215 lodd i årets «Julegatelotteri» Todalen Grendalag takkar alle som har kjøpt lodd i årets «Julegatelotteri» for støtta. Todalen Grendalag takkar og det lokale næringslivet som har bidrege med gevinstar. 


Flott julegate på Kvennset

Jon Olav Ørsal Sundag 28. november 2021

Todalen Grendalag står som initiativtakar og arrangør av den flotte julegata på Kvennset i samarbeid med Talgø og Matkroken Todalen som også er med på lyssettinga.  Det var mange som trossa dei 15 kuldegradane og møtte opp for å være med på tenninga av julegata som skjedde søndag kveld – presis kl 18. 


Julegatetenning på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. november 2021

Søndag 28. november, frå klokka 18:00, er det tenning av, den etterkvart tradisjonelle, julegata til Todalen Grendalag mellom Matkroken Todalen og Talgø. Tenninga av julegata går føre seg utanfor Matkroken Todalen. Det blir sal av lodd i Grendalaget sitt «Julegatelotteri», som har trekning seinare søndag kveld. Grendalaget spanderer kaffe og bollar på dei vaksne og gløgg til ungane. Grendalaget har også gjort avtale med nissen, og han har lova å ta ein tur, så kanskje vankar det ei lita førjulsoverrasking?


«Julegatelotteri»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. november 2021

Todalen Grendalag arrangerer i år «Julegatelotteri». Kvart lodd kostar kroner 50,-, og da er du med i trekninga av 10 fine gevinstar gjeve av lokalt næringsliv. Lodd kjøper du ved å vippse til 568828 (Todalen Grendalag), hugs å skrive namnet på den lodda skal skrivast på i meldingsfeltet når du vippsar. Det blir og sal av lodd under sjølve julegatetenninga søndag 28. november. Meir informasjon om julegatetenninga kjem torsdag 25., så følg med!


Etterbruk – kva gjer vi med skulen?

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. oktober 2021

Ja, det spørsmålet stiller ordførar Margrete Svinvik og kommunedirektør Knut Haugen til bygdefolket i Todalen. Politikarane har gjeve dei to i oppdrag å ha ein dialog med bygdesamfunnet for å prøve å finne ei løysing på eventuell etterbruk av skulebygninga etter at skulen vart nedlagt i år. 


Fortsatt mange ledige dagar for elsykkelleige

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 4. juli 2021

Det er fortsatt mange ledige dagar for å kunne leige elsykkel i sommar, for å ta ein sykkeltur rundt i bygda vår. Syklane blir ut- og innlevert på Bordholmen stadion. For å bestille elsykkel, ring 986 11 707. 


«Gullande reint» vatn ved badeplassen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. juli 2021

nterkommunalt miljøretta helsevern, har på vegne av Surnadal kommune, sjekka badevatnet ved badeplassen ved småbåthamna i Sissigrenda. Prøvane er utført av avdelingsingeniør Oddrun Persdotter Fiske. Prøvane viser at vatnet er «gullande reint».


Todalen Grendalag – årsmøtet vel i hamn

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. juni 2021

I kveld var det årsmøte i Todalen Grendalag i Todalen ungdomshus. Som for alle andre, har aktiviteten i grendalaget vore sterkt påverka av koronasituasjonen. Men litt aktivitet har det likevel vore i året som gjekk. Badeplassen ved småbåthamna har vore stelt og, den etter kvart tradisjonelle julegata, vart rigga i slutten av november. 


Innfallsport Trollheimen – informasjonsskilta på plass

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. juni 2021

Den siste veka har folk frå Mesta i Surnadal arbeidd med å sette opp informasjonsskilta som er laga i samband med prosjektet «Innfallsport Trollehimen». Det er no sett opp informasjonsskilt på seks stadar, frå Haugen vegkryss og opp til Kårvatn, med tilpassa informasjon på alle skilta. Skilta er sett opp på Haugen vegkryss, i Svinvika, ved rasteplassen i Stranda, ved Matkroken Todalen, på Bønnavollan (der Toåa tursti tek til) og på Kårvatn. 


Minner om årsmøtet sitt

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. juni 2021

Todalen Grendalag minner om årsmøte sitt i Todalen ungdomshus onsdag 16.juni klokken 19:00. No ligg den endelege sakliste for årsmøtet òg føre. Den kan du sjå nedanfor. Todalen Grendalag oppfordrar folk til å møte opp!