Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen får tilbake hytterenovasjonen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. oktober 2022

For rundt halvanna år sidan vart hytterenovasjonen for Todalen flytta til Haugen vegkryss. Den nye ordninga har fått mange klagar, både frå dei med hytter og dei med feriebustad, i Todalen. Todalen bøgdalag og fleire eigarar av hytte- og feriehuseigarane har vore i kontakt med Remidt og klaga på ordninga, noko som til slutt gjorde at Remidt vel å lokalisere hytterenovasjon i Todalen att.

Klagane på ordninga førte til at Surnadal kommune og Remidt sist veke hadde eit møte for å diskutere saka. På møtet vart det bestemt å gjeninnføre ordninga med søppeldunkar for hytter og feriebustadar lokalisert i Todalen. Eigar av Matkronen Todalen, Terje Nordvik, har stilt arealt til disposisjon for dunkane.

John Helge Knudsen i Remidt, stadfestar at klagane som har kome på «nyordninga» og møtet med Surnadal kommune, no gjer at Remidt vil plassere ut dunkar for hytterenovasjon i Todalen att. Han kan ikkje love ein eksakt dato for dette, men at det vil skje om ikkje så alt for lenge, og mest sannsynleg før nyttår. Knudsen fortel at det heller ikkje er bestemt om det er dunkane ved Haugen vegkryss som blir flytta til Todalen, eller om det blir sett opp nye i tillegg til på Haugen.

Knudsen fortel at det i løpet av kort tid blir befaring og møte med grunneigar for å finne endeleg plassering av det nye  tømmepunktet for hytterenovasjonen i Todalen.

Publisert: 10. oktober 2022, 13:45