Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til julebord i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. november 2022

Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer til julebord i Todalen ungdomshus laurdag 3. desember klokka 20:00. Det blir servert fleire typar ribbe, pinnekjøtt, medisterkaker og pølser med tilbehør. Etterpå blir det sjølvsagt servert dessert! 

Det blir også open bar med sal av øl og vin.

Julebordet kostar kroner 350,- per person, og det er bindande påmelding innan søndag 20. november klokka 20:00. Påmelding via epost til: Julebord 3. desember 2022 eller på SMS 986 11 707. Hugs å skrive på namn på dei som melder seg på!

Siste gong det vart arrangert julebord i regi av idrettslaget og bøgdalaget, var 23. november 2019. Sidan da har koronaen sett ein effektiv stoppar for julebordet. Men no prøver altså arrangørane på att, og håper difor folk kjem for å kose seg med god tradisjonell julemat og sosialt samvær i adventstida! 

Komiteen ønsker alle velkommen til julebord i ungdomshuset!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 10. november 2022, 17:27