Todalen Grendalag er medlem av todalen.no
Styret (valt på årsmøtet 2022):
Leiar: Bjørn Gunnar Ansnes
Nestleiar: Julia Halle
Kasserar: Jostein Bruset
Sekretær: Ragnhild Ansnes Moe
Styremedlem: Øystein Moe
1.vara: Ola Haugen Ansnes
2.vara: Jo Gjeldnes
Nyheter knytta til Todalen bøgdalag

Det blir julegate i år òg – men ikkje Julemarknad
Laurdag 28.november klokka 17:00 tenner Todalen Grendalag den, etter kvart, tradisjonelle julegata si mellom Matkroken og Talgø, og på Talgø. Den planlagde julemarknaden må dessverre avlystast. Dette på grunn av Koronasituasjonen.

Grendelaget fortsett fokuset på bulyst og trivselstiltak
Da har også Todalen Grendalag fått gjennomført sitt årsmøte etter koronaens inntog, tre månader på etterskudd. Trass eit noko labert oppmøte, kunne likevel styret presentere ei velfylt årsmelding og eit greit resultat for 2019.


Dugnad på badeplassen
Måndag var det klargjering av badeplassen i Sissigrenda. Styret i Todalen Grendalag forsterka av Sindre Bruset slo graset der Båtforeninga ikkje kjem til med kløpparen sin. Graset vart raka saman og køyrt vekk. Badeplassen er ein populær stad, så det viktig at badeplassen er presentabel.

Sesongopnar Todalshytta 1. juni – satsar på kjøkkenet!
Todalshytta ligg litt i forkant i forhold til dei andre KNT-hyttene og opnar alt 2. pinsedag. Etter at hytta har vore stengt ein sesong så er det nytt vertskap på plass. Det er Stian og Arve Evensen som no er vertskap på Todalshytta, men kontrakt for 5 år i første omgang. Det er sonen Stian som er sjefen både for driftsselskapet og for kjøkkenet – faren Arve er dreng og altmulegmann slik han tittelerer seg sjølv.

Media si rolle i krisetid – meir aktuell enn nokon gong
Det starta med ein e-post og eit innskanna avisutkløpp frå avisa Norsk Tidend nr 2/2020. – Og dette var jammen god lesnad – det var nemleg nyvalt leiar i Kringkastingsringen, Inger Johanne Ruset, som hadde skrive om medias rolle i krisetid. Det må være topp aktuelt stoff no, når alle kriseteam i kommunane skal ut med info til sine bebuarar og bruker lokale media til å nå ut. Problemet er berre at de fleste lokale media har permittert deler av mannskapet på grunn av reduserte annonseinntekter og dermed dårleg økonomi. Dei går på sparebluss! Spesielt interessant lesnad vart denne artikkelen på grunn av at den omtalar krisa i Todalen i 2013 – krisa da raset tok vegen og kraftlina inn til Todalen – og bygda vart isolert. Da vart det gjort ei viktig erfaring.

Kveldens årsmøte utsett
Kveldens årsmøte i Todalen grendalag er utsett på ubestemt tid melder leiar Bjørn Gunnar Ansnes.

Årsmøte Todalen grendalag på torsdag
Todalen Grendalag minner om sitt årsmøte førstkommende torsdag kl 19 i Todalen Ungdomshus.

Årsmøte i Todalen Grendalag
Det blir med dette kalla inn til årsmøte i Todalen Grendalag torsdag den 12.mars kl. 19:00 i Todalen ungdomshus.

Skikkeleg pådrift for turstiprosjektet
Dei siste par månadene har prosjektet Toåa tursti kome i skuggen av julefeiringa, men no blir det full rulle utover våren, fortel Elinor Bolme som er ein av initiativtakarane for prosjektet. Laurdag var det dugnad, der skogrydding stod på dagsorden. Rundt 20 deltakarar på dugnad denne laurdag føremiddagen er heilt storarta, seier Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen I.L. som står attafor prosjektet som største bidragsytar.

Evaluerte feiringa av nasjonaldagen
Det hører med til oppgåva til komiteen som står for feiringa av nasjonaldagen å evaluere arrangementet. Tysdag kveld var 2019-komiteen samla på kantina på Talgø for å evaluere både arrangementet og for å godkjenne rekneskapet frå arrangementet. Leier i 17. maikomiteen Rune Moe var godt nøgd med arrangementet, som var vellukka og som kom ut med eit moderat overskot etter at alle kostnader var betalt

Tenner lysa søndag kveld
Søndag kveld kl. 18 er tida for å tenne lysa på Todalspålen (eller minipålen som enkelte kallar han) Det beste utkikspunktet er kanskje moloen i Båthamna, trur arrangøren.