Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svein Håvard Brøndbo overtek roret i Todalen bøgdalag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 27. april 2023

På Todalen bøgdalag sitt årsmøte i kveld, vart Svein Håvard Brøndbo valt til leiar. Han overtek etter Bjørn Gunnar Ansnes. 

Første sak på saklista var årsmelding. Aktiviteten i bøgdalaget har ikkje vore all verden det siste året, men hengebrua er reparert, det har vore ryddedugnad før 17.mai og sjølvsagt julegate med lotteri. Elles har bøgdalaget engasjert seg i saker som etterbruk av skulebygget, Øyabrua og fylkesvegstandarden. 

Bøgdalaget har også engasjert seg for å få reetablert hytterenovasjon i bygda, noko som er vedteke skal kome på plass att i løpet av første halvår i år. 

Rekneskapen for Todalen bøgdalag viser eit underskot på 1.400,- kroner. Dette blir dekt inn med bruk av eigenkapital, og skuldast at det vart kjøpt inn nye juletre til julegata i 2022. Laget hadde ved årsskiftet ein samla kapital på knappe 55.000,- kroner.

Siste post på saklista var val. Valet fekk dette resultatet:

  • Leiar, valt for 1 år: Svein Håvard Brøndbo (ny)
  • Nestleiar, ikkje på val: Øystein Moe
  • Sekretær, valt for 2 år: Anne-Berit Kvendset (ny)
  • Kasserar, valt for 2 år: Kjetil Sogge (ny)
  • Styremedlem for 1 år: Bjørn Gunnar Ansnes

Årsmøtet i Todalen bøgdalag vel i hamn. Foto: John. Moe

  • 1.vara, valt for 2 år:: Ola Haugen Ansnes
  • 2.vara, ikkje på val: Jo Gjeldnes

Elles vart Jostein Bruset og Ola Dalsegg attvald som valnemnd.

Revisor Finn Ranes attvalt for 1 år. 

Jostein Bruset, Ragnhild Ansnes Moe og Julia Halle gjekk ut av styret. 

Publisert: 27. april 2023, 20:14