Styret for 2026, valt på årsmøtet 16. april 2026:
- Leiar: Bjørn Gunnar Ansnes, valt for 1 år.
- Nestleiar: Frikk Talgø, ikkje på val, 1 år att.
- Sekretær: Jo Gjeldnes, valt for 2 år.
- Kasserar: Kjetil Sogge, ikkje på val, 1 år att.
- Ingrid Pedersen, valt for 2 år.
- 1. vara: Svein Håvard Brøndbo, valt for 1 år.
- 2. vara: Ola Haugen Ansnes, valt for 1 år.
- Revisor: Finn Ranes, valt for 1 år.
- Valkomite: Jan Bruset, valt for 1 år og Ola Dalsegg, ikkje på val, 1 år att.
Nyheter knytta til Todalen bøgdalag
Da er den nye campingplassen bortimot klar
Onsdag kveld var det vårdugnad på skuleområdet ved Todalen oppvekstsenter. Her har nemleg Todalen Elveeigarlag og Todalen bøgdalag inngått leigeavtale med Surnadal kommune for å ha campingplass.
17. mai-programmet i Todalen er klart
Programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen er klart. Programmet tek til med det tradisjonelle biltoget rundt bygda, og blir avslutta med nasjonaldagsgudsteneste i Todalen kyrkje. I staden for tale for dagen, blir det i år historisk bildekavalkade frå Todalen historielag sitt historiske arkiv ved Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe. Tema vil sjølvsagt vere nasjonaldagsfeiringa i Todalen opp gjennom åra og nyare tid.
Kallar inn til dugnad
Todalen bøgdalag og Todalen elveeigarlag kallar inn til dugnad onsdag 7. mai klokka 18:00 – 20:00, for å gjere klar campingplassen, som i år vil vere lokalisert på skuleområdet ved Todalen oppvekstsenter.
Mange kom på «påskequiz»
Onsdag kveld inviterte Todalen bøgdalag til «påskequiz» i Todalen ungdomshus, og mange responderte på invitasjonen og tok turen til ungdomshuset.
Inviterer til «Påskequiz» i ungdomshuset
Todalen bøgdalag inviterer til «Påskequiz» i Todalen ungdomshus onsdag 16. april (onsdag før skjertorsdag) frå klokka 19:00. «Påskequzen» tek til klokka 20:00. Fine premiar til dei to beste laga. Det blir sal av brus, øl og snacks.
Fullstendig sakliste til årsmøtet klar
Todalen bøgdalag gjennomfører sitt årsmøte torsdag 27. mars klokka 20:00 i Todalen ungdomshus. No er den fullstendige saklista til årsmøtet klar, og den kan ein sjå nedanfor.
Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte
Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte torsdag 27. mars klokka 20:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker og enkel servering.
Da jaga «Tjuandedags-Knut» jula ut!
Det var ikkje «Tjuandedags-Knut» sjølv da, men Todalen bøgdalag med gode hjelparar, som demonterte den tradisjonelle julegata si måndag kveld. Bøgdalaget si julegate, mellom Matkroken Todalen og Talgø, blir tent første søndag i advent og teken ned att rundt tjuandedag jul kvart år. Og årets demontering gjekk unna i rekordfart og var ferdig på rundt tre kvarter.
«Tjuvstarta» feiringa av det nye året
På årets siste dag, inviterte Todalen Idrettslag i samarbeid med Todalen bøgdalag til familiefyrverkeri på Bordholmen stadion, slik at dei yngste kunne få vere med på fyrverkeri utan å måtte vere oppe til midnatt.
Familiefyrverkeri på Bordholmen nyttårsaftan
Tysdag 31. desember (nyttårsaftan) klokka 18:00 inviterer Todalen Idrettslag, i samarbeid med Todalen bøgdalag til familiefyrverkeri på Bordholmen stadion.
Søndag tennes julegata
Søndag 1. desember klokka 18:15 tenner Todalen bøgdalag si, etter kvart tradisjonsrike julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, Bøgdalaget inviterer store og små til å vere med på tenninga av julegata si!
Minner om ope møte tysdag kveld
Todalen bøgdalag minner om tysdagens ope møte om eventuell endring i vernestatus for Trollheimen landskapsverneområde klokka 19:30 i Todalen ungdomshus.
