Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rydda vegkantane til 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. mai 2023

I går kveld inviterte styret i Todalen bøgdalag til ryddedugnad før 17. maifeiringa. Sju personar møtte opp. Det vart delt opp to ryddegjengar som rydda vegkantane på kvar si side av bygda, samt frå Pilskaret til Øyabrua og frå Bruset og opp til gammelfabrikken. 

Det var ikkje så mykje søppel å finne langs vegkantane i år heller, berre noko smårusk og nokre brøytestikker. 

Totalt ein sekk med søppel og nokre brøytestikker vart fangsten på ryddedugnaden. Så todalingane har blitt flinke til å ikkje kaste frå seg søppel langs vegane, seier leiar i Todalen bøgdalag, Svein Håvard Brøndbo. Foto: B G Ansnes

Todalingane har blitt veldig flinke til å ikkje kaste frå seg søppel langs vegkantane, konstaterer leiar i Todalen bøgdalag, Svein Håvard Brøndbo. 

Ryddedugnaden var unnagjort på rundt ein time, så da er alt klart til nasjonaldagsfeiringa i Todalen. 

Publisert: 16. mai 2023, 07:51