I løpet av helga har det gått eit stein- og jordskred ved bekken som kjem ned utafor fyrløkta i Todalsfjorden. Stein og jord har tatt med seg ein del skog på vegene ned, og alt har hamna i fjøresteinane. Ein del av massane har vorte vaska til sjøs, men det ligg framleis mykje skog i beltet fra Fjøra og litt oppover.
Les heile sakaStem på månadens bilete for mai
Da var vi endelig klare med ny avstemning, dette gongen for månadens bilete for mai. I mai fekk vi endeleg sjå litt til skikkeleg sommar, og vi håpar det snart kjem nye solskinnsdagar etter nokre våte. Vi har iallefall fått inn mange fine bilete. Vi oppfordrar til å sende inn bilete til oss på red@todalen.no. […]
Les heile sakaToåa er flaumstor
Store nedbørsmengder det siste døgner har sørga for at Toåa går flaumstor i dag. Søndag føremiddag såg det ut som vassføringa hadde nådd toppen og var på tur ned igjen. Vassføringa var på topp i Storfossen ca kl 09.00, med 67,3 m3/sek., medan det kl 13.00 var kome ned att i 57,3 m3/sek. På den tida da den var som størst var vatnet sterkt brunfarga, og vi har fått melding om at det har kome mykje brunfaga vatn frå Romåa.
Les heile sakaSuperlotteriet – Loddsalget har starta
Laurdag var det premiere for Superlotteriet, der trekkjinga er ein del av Toalsdagen 2013 den 29. juni. Føre middagsøkta som loddselgarar var det Kristian H. Talgø, Elias Kirkevåg og Henrik Talgø som hadde, medan Marit Ingeborg Ansnes og Emma Sæther hadde sistevakta. Dei hadde mange fine gevinstar å vise fram, mellom anna ei sofagruppe frå Talgøs OutLiving-kolleksjon, IPad mini, radiostyrt bil og ei kamptrøye for det Italienske landslaget i str. 12 år.
Les heile sakaVandrefestivalen 2013: Programmet er klart…
Norsk Vandrefestival blir i år arrangert for 4. gong, og det skjer i tidsrommet 2. til 4. august. I år er det Svinviks arboret som er base for festivalen, og arrangementet blir i nært samarbeid med arboretet. Styret i Norsk Vandrefestival har lagt opp til eit omfattande program, og det er lagt vekt på at […]
Les heile sakaHjemreisen til Apolda for en 103 åring
Forrige tirsdag startet en lang hjemreise for en 103 åring. Veteranbilen Apollo skulle igjen få komme tilbake til byen der den ble produsert i 1910. Tre Todalinger startet reisen på ca 2 x 1800 km. I Oslo ble de reisende økt til fire onsdag formiddag, og gjengen bordet Kiel-ferja. Morgenen etter fortsatte ferden sørover på Autobahn. Det var en underlig følelse å endelig kunne kjøre på en vei med (lovlig) fri fart, men som veloppdratte norske bilister, ble vår maksfart satt til 90 km/t med tanke på lasten som var med på tilhengeren. Turen gikk via Hamburg, Hannover, Magdeburg og til slutt Apolda.
Les heile sakaDametrimmen til Storhaugen
Torsdag var dametrimmen på utflukt til Storhaugen. Dei starta frå Bruset og tok turen etter skogsvegen og vidare på stien til Storhaugen. På Storhaugen trefte dei Jon Bruset som også var på tur, og han guidet damene nedatt om Hafallstien til Skukullbrekkå.
Les heile sakaTuristtrafikken har starta så smått
Den fine maivêret har gjort at turistsesesongen så smått har starta. Blomstringa i svinviks arboret er nådd toppen, og det har alt no vore mykje besøk og spesielt har det vore mange grupper i år. Mange av gruppene som har besøkt arboretet har også nytta høvet til å sjå meir av Todalen, og difor har det også vore trafikk til Kårvatn og Gammelfabrikken i same slengen. Todalshytta opnar først til neste helg, den 15. juni, men vertinne Åse Øyen har alt no teke mot gjestar på bestilling.
Les heile sakaHar du sett ulven?
Ulven har herja i fleire saueflokkar i Sunndal og Nesset den siste tida, og truleg har den vore på ferde i Innerdalen. Da er det kort veg over til Todalen, og det er derfor viktig å halde eit auge med i det som skjer. Både Surnadal kommune og Rindal kommune er interessert i å få info om observasjonar som blir gjort, skriv skogbrukssjef Tore Gjul i Surnadal kommune i ein e-post til Todalen.no.
Les heile saka100 imponerte Amfi-ansatte i Todalen!
Denne veka arrangerer Amfi Drift AS senterleiarsamling for alle senterledere, eiendomssjefer og regionssjefer tilhørende selskapet drifta frå hovedkontoret i Surnadal. Per i dag omfattar det heile 72 senter i 5 regionar. Nokre som heileigde AMFI senter og andre der Amfi Drift AS kun står for dagleg drift. På programposten under denne samlinga sto sjølvsagt ein tur til Todalen med eit besøk hos Talgø og Gammelfabrikken.
Les heile sakaDu kan enno låne bøker….
Ferietida nærmar seg med stormskritt, men du har enno høve til å låne bøker på biblioteket, fortel Karen Johanne Talgø, som er filialbestyrar ved bibliotekfilialen i Todalen. Biblioteket helt til i Todalen oppvekstsenter, og har ope kvar torsdag mellom kl 18.00 og 20.00. Men torsdag 20. juni er siste opningsdag før ho tek ein lang og velfortjent ferie fram til skulestarten til hausten.
Les heile sakaTur til Trodalen – AVLYST
Ja da, du leste rett. Det skal være Trodalen med r og ikkje Todalen. Laurdag 8. juni arrangerer Todalen idrettslag fellestur til Trodalen, med start frå Matkroken L.Hals kl 11.00. Det er nok mange som ikkje har vore dit, og som lurer på kvar Trodalen er? Vi kjører til Bæverfjord, og vidare mot Åsskard, til vi tek av til venstre ved skiltet «Flesa». Kjører vidare så langt vegen går, og parkerer ved Flessen Camping. Følgjer vidare merka sti langs fjorden til Jutvika. Stien går derifrå oppover lia til Trodalen.
Les heile saka