Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gode matvanar i tidleg alder

Elinor Bolme Onsdag 28. mai 2014

Tidlege matvanar, allerede frå barnet er i mors liv påverkar oss som barn og unge. Dette har det ved Universitetet i Agder vorte forska på i dei seinare år. To av desse forskarane, Sissel Helland og Nina Cecilie Øverby, kjem tirsdag 3. juni til Surnadal for å halde sitt foredrag «Positive og negative trekk i barns kosthold – hva betyr det og hva kan vi gjøre?»

Foredraget er ein introduksjon av Barns matmot, eit begrep som er av nyare dato og kan beskrivast så enkelt å våge å smake på noko nytt. Les meir om dei to forskarane sitt arbeid fram til no her: Med mot til å smake. Dei har i sitt arbeid fått forskningsmidler frå Norske Kvinners Sanitetsforening, og det er dei tre lokale sanitetsforeningane i Surnadal kommune som no arrangerer dette åpne møtet for alle interesserte på Surnadal vidaregående førstkommande tirsdag kl 18.

Les heile plakaten her BARNS MATMOT

Publisert: 28. mai 2014, 07:27