Todalen idrettslag er komne til innspurten på arbeidet med det nye treningssentret på Kvennset. Det har no vore montering og rigging av utstyr nokre kveldar, og det store spørsmålet er kva namnet skal bli. Todalen idrettslag har tidlegare lyst ut namnekonkurranse for treningssentret, og det er kome inn fleire forslag som vi skal presentere her. Tidlegare har bygget husa både BP bensinstasjon, Postkontor og solstudio. Bli med og stem fram ditt forslag slik at det kan lagast skilt til å montere på veggen.
Les heile saka
Det er sikkert mange som er utålmodig og tykkjer det går sakte med sikringsarbeidet på rasstaden i Stranda. Men det er full aktivitet kvar dag, og vi hører mange «drønn» frå dynamittsalver gjennom ein dag. Sakte men sikkert blir det veg oppover rasområdet, men dette er vanskeleg og risikofylt arbeid som berre må ta litt tid.
Les heile saka
I kveld er det premiere for nylaga video om ferjeturen frå Todalen til Kvanne «minutt for minutt». Ein treng vel ikkje grave så djupt etter den ideen, etter NRK har vist Hurtigruta langs kysten på denne måten. Etter at skipperen «nylanserte» ideen søndag, vart det bestemt at turen frå Todalen måndag kl 9.15 var eit høveleg tidspunkt. Visste at Jon Are Husby hadde litt erfaring med dette, og han var habil til å være med på eit forsøk.
Les heile saka
Etter vurdering av fleire innspel har Surnadal kommune igjen gjort nokre få justeringar i rutetidene for skyssbåten MS Tollesund til/frå Todalen. Endringane gjeld frå tysdag 27. august melder rådmann Knut Haugen i ein epost til redaksjonen.
Les heile saka
I Trollheimen finns det eit nettverk med ruter mellom hyttene som Trondhjems Turistforening (TT) og Kristiansund og Nordmøre turistforening (KNT) har. Merkinga av rutene skal gjera det trygt å ferdast i fjellet, sjølv om det blir litt ruskvêr og tåke. Sondre Halset har teke på seg merkinga på ruta mellom Kårvatn i Todalen og Trollheimshytta. No er han igang med merkinga av denne ruta, og har sendt oss nokre bilde og litt informasjon om korleis dette arbeidet blir utført.
Les heile saka
Henning Quintetten har våre på ein seinsommarleg miniturne, med førestilling i Tingvoll kyrkje laurdag og todalen kyrkje søndag ettermiddag. Mellom førti og femti let seg lokke på konsert i Todalen kyrkje for å høre «Henning-tonar». Nokre var kanskje førebudd på at dei fekk høre tradisjonelle Vårsøg-tonar på denne konserten, men dei fikk i tilfelle ei heilt anna musikalsk oppleving enn dei forventa.
Les heile saka
Vel 60 lag, langt over 90 kamper, 600 unge lovende fotballspillere, store mengder publikummere og ei knall strålende sol over Kveinnalandet. Rammene rundt årets Søyacup kunne ikkje vore bedre. Arrangørklubben IL Søya med sine vel 80 frivillige, landa også i år med ein særdeles vellykka cupdag.
Les heile saka
Redaksjonen har i dag mottatt ei fin helsing frå Surnadal Røde Kors, som dei ber oss publisere her på todalen.no. Vi publiseres det i si heilhet, og ønsker organisasjonen lykke til videre i si satsing på økt medlemsmasse og økt beredskap.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 22. august ved bomstasjonen for Vestre Nordmarksvegen og køyrde samla til Solåsvatnet. Frå parkeringsplassen nede ved vatnet følgjer vi den blåmerka stien som fører til Vaulen. Etter eit kvarters gange kjem vi til Gardsbekken, som buktar seg nedover og har grave seg djupare og djupare ned til han endar i eit trongt jel. Dårdi Sylte sto i spissen for å få bygd ei bru over Gardsbekken i 1993, slik at vi i dag utan vanskar kan koma oss over på andre sida.
Les heile saka
Arbeidet på rasstaden er kome igang, men det vil nok ta litt tid før vegarbeidet kan starte. Første må store steinblokker oppe i rasområdet fjernast, slik at det blir trygt å starte vegarbeidet. Tidens Krav skriv i dag at det kan ta nye veker før vegarbeidet kan kome i gang, og Ivar Hol i Statens vegvesen er usikker på kor lang tid det vil ta.
Les heile saka
Stengt veg og ferjetrafikk skapaer mange utfordringar i kvardagen. Torsdag skulle Nortura hente slaktdyr hos fleire levarandørar i Todalen. Problemet var berre at det var litt knapp tid til ferjeavgang, og tilsvarande lang tid til neste avgang. Løysinga vart at Nordtura kjørte til Viastua, og at dei andre bøndene kom det med sine slaktdyr.
Les heile saka
Det har pågått ein leiteaksjon i området ved Gjevilvassdalen i Trollheimen. Det har vore leita etter ein person som i går vart meldt sakna i området ved Gjevilvasskamman. Vêrtilhøva hindra leiting med helikopter i natt, men i morgontimane vart meir mannskap og fleire helikopter sett inn. Eit helikopter fann den sakna etter kort tid, og vedkomane er no frakta til St. Olav Hospital for undersøking. Les meir på nettsida til NRK Trøndelag.