Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta opnar snart….

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. mai 2014

Alt neste veke kan vil Todalshytta så smått opne dørene for publikum.  Alt førstkomande onsdag kjem den første busslasten på besøk, og nokre grupper er bestillt.  Ein kaffekopp eller anna enkelt servering kan dei også tilby folk som stikkk innom.  Full opning og servering frå menyen vil det bli frå pinsehelga, nærare bestemt laurdag 7. juni.  Frå 15. juni startar laksefisket i Toåa, og da blir det nok meir trøkk etter kvart, seier Eric Malling som er ein av vertane.

Det blir rododendronhage i skråninga mellom hytta og parkeringsplassen.  Foto: Jon Olav Ørsal

Snart er det klart for ny sesong på Todalshytta. Frå pinsehelga er det full drift. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er nemeleg nytt vertskap på Todalshytta i sommar. Det er Helene Ness og Eric Malling som tek over drifta, og har 5 årig kontrakt med KNT om drifta av Todalshytta. Eric seier at dei treng nokre dagar på å kome seg i full drift på kjøkkenet, så derfor vil det bli enkel meny den første veka, men dei vil gjerne at gamle og nye kundar stikk innom for å helse på og til ein hyggeleg prat. Sjølvsagt kan dei og ta i mot mindre grupper, men vil gjerne ha førehandsbestilling den første tida til kjøkkenet er i full drift.

Han fortel vidare at dei ved hjelp av gode vener har tenkt å kjøre igang eit lite mikrobryggeri på hytta, og at dei har smake seg fram til eit godt øl som skal passe til osten «Kraftkar» frå Tingvollost. Dette vil det bli høve til å prøvesmake og til å sjå korleis det blir laga. Til opninga har dei alt laga eit parti som kjem på spisekartet.  Balldag blir det i år også! Kvar tysdag vil det blir servert potetball etter Åse si oppskrift, men dei startar ikk på med balldag før etter den offisielle opninga. Tradisjonen med rømmegraut og speke mat på laurdag, blir også vidareført fortel Eric Malling, som gler set til å kome i gang.

Til opninga av laksefiske har dei alt fått booket inn eit antal laksefiskarar, som kjem til opninga. I år har dei leid valdet til Ramsøya-/Bruset Øvre til sine gjestar. I tillegg vil det nok kome faste gjestar for å fiske laks i elvestrekninga til Todalen elveeigarlag.  Du kan lese meir om planane på Todalshytta på den nye heimesida www.todalshytta.no

Publisert: 24. mai 2014, 21:49