Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Byggmakker med nyopning

Byggmakker med nyopning

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2012

I dag er det storstilt reopning av Byggmakker Surnadal. Dei tek no i bruk nybygget på rundt 400 m2 som er bruka til sesongvarer med fine miljøutstillingar av hageutstyr og hagemøblar. Heile butikken er renovert og varene er omplassert slik at det er lett å orientere seg og det er smakfullt innreidd. Mellom anna er det laga ei ny fin miljøutstilling med bad og kjøkken.

Les heile saka

Trekning i «RomsdalsCup-lotteriet»

Trekning i «RomsdalsCup-lotteriet»

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2012

G12 og J12 har lenge gledd seg til deltaking i RomsdalsCup’n i fotball  i helga, og laga har hatt eit lotteri på gang for å finansiere turen til Romsdal. Og det gjorde dei til gangs, for dei fekk inn heile 18.000 på lotteriet. Dei takkar for velvillig støtte både frå  loddkjøparar, og frå sponsorar som har vore rause med gevinstar. Pengane skal gå til opphald, trivselstiltak og busstransport til og frå. Hovudgevinsten var ein skjenk frå Talgø, og den var det Beret Brøske som vann. Heile trekningslista finn du her.


Sommaravslutning på Oppvekstsenteret

Sommaravslutning på Oppvekstsenteret

Elinor Bolme Torsdag 14. juni 2012

Todalen Oppvekstsenter arrangerer førstkommande mandag den årvise skuleavslutninga. Både elevar og barnehageungane har øva i vekesvis fram til denne kvelden. Her blir det song dans og drama av ungane, allsong og muligheiter for ein kaffekopp med noko attåt. Og med tidlegare avslutningar i minnet, er vel denne verd å få med seg både for foreldre og besteforeldre, og ellers andre interesserte.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for mai

Stem på månadens bilete for mai

Ole Petter Talgø Onsdag 13. juni 2012

Da har sommaren for alvor komme, med atterhald om at vi snakkar om norsk nordmørssommar. Sjølv om vi fekk sjå litt snø heilt ned i bygda også denne månaden, viser bileta vi får inn no at grønt gras har teke over hovedrolla.

Les heile saka

Fredag 15. juni: Laksefisket startar

Fredag 15. juni: Laksefisket startar

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juni 2012

Fredag 15. juni startar laksefisket i Toåa. Det er knytta stor spenning til årets laksefiske, for no skal smolten som vart sett ut for 3-4 år sia være komne i fin størrelse på 4-7 kg. Slår det til kan det bli eit kronår, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Og det er god grunn til optimisme, for laksefisket er bra både i Surna og i Driva så langt i sesongen. Dei starta 2 veker tidlegare enn i Toåa og er altså komne godt i gang.

Les heile saka

Inviterer til medlemsfest

Inviterer til medlemsfest

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juni 2012

Laurdag 16. juni kl 21.00 er det duka for årets medlemsfest i Todalen Idrettslag. Det skjer i Todalen undomshus, og T.I.L. byr på grillmat og dans ut i dei seine nattetimer. Vi ønskjer å påskjønne lagets medlemar for all dugnadsinnsatsen i forbindelse med Todalsdagen og på Laksefestivalen med ein slik sammankomst, fortel ledar Kari Kvendset. Derfor er billettprisen sett til kr 50 denne gongen. Kari håpar at så mange som muleg tek seg tid til å kome på medlemsfesta og til grillparty. Norfolk vil sørgje for dansemusikken på festen. Ta med godt humør og kom!


Skal vise fram bygda

Skal vise fram bygda

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juni 2012

Søndag kjem det ein heil busslast med 50 pensjonistar frå Vestnes til Todalen og Todalen historielag. Dei vil sjå Todalen, og har eit spesielt ønskje om å sjå Halsesamlinga. Det er Per Bjørn Ellingseter som er reiseledar på turen, og dei skal ta heile rundturen med Svinviks arboret, Gammelfabrikken, Kårvatn og Halsesamlinga som no er på plass i biblioteket på Todalen oppvekstsenter. Nils Ove Bruset frå Todalen historielag blir med som lokal guide på heile turen rundt i bygda og til Svinvika til slutt.

Les heile saka

J12 mot Surnadal 1 på Bordholmen

J12 mot Surnadal 1 på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. juni 2012

Tysdag hadde Søya/Todalen J12 kamp mot Surnadal 1 på bordholmen. Begge laga kjempa godt gjennom kampen, men denne gongen vart det Surnadal som trekte det lengste strået og vann mot heimelaget, men fotballjentene var like blide for det.

Les heile saka

Siloslåtten har starta

Siloslåtten har starta

Jon Olav Ørsal Måndag 11. juni 2012

Det er knappe to veker til St. Hans og klart for slåttonn. Todalen Samdrift er som vanleg tidleg ute og er alt  komene igang med siloslåtten. Ståle Ansnes fortel at det har vore gunstige vilkår for grasvoksteren og at det er bra avlingar. Dei starta på slåtten på leid grunn i Brusetnesset, med Kristen Bruset […]

Les heile saka

Sanitetsdamene på tur

Sanitetsdamene på tur

Elinor Bolme Måndag 11. juni 2012

Medlemmane i Todalen Sanitetsforening brukar kvart år å leggje sommaravslutninga si utaom sanitetshusets fire veggar. I år gjekk turen til Bøfjorden og eit besøk på Buret på Peøra hos Liv Berit Ansnes Brusethaug. Herfekk sanitetsdamene full oppvartning med omvisning på stabburet. Sekretær May-Elisabeth Holten har sendt oss ein heil del bilder frå besøket og omvisninga.

Les heile saka

Båthavna nærmer seg åpning

Båthavna nærmer seg åpning

Jon Olav Ørsal Måndag 11. juni 2012

Todalen Båtforening sjøsatte søndag de nyoverhalte bryggene. Prosjektet går sakte fremover, og det arbeides på anlegget når styret og medlemmer har anledning. Det står nå igjen justering av utliggere og opprydding før medlemmene kan legge ut båtene sine. Dette arbeidet kan kanskje bli ferdigstilt i løpet av neste helg, og medlemmene henstilles om ikke å legge ut båter før alt er ferdig!

Les heile saka

Reisebrev frå Vømmøldala

Reisebrev frå Vømmøldala

Elinor Bolme Sundag 10. juni 2012

Eit årleg høgdepunkt for mange trønderar, og andre tilreisande er den tradisjonelle Vømmølfestivalen. I fjor var vi så heldige å få eit lite reisebrev frå delegasjonen som representerte Todalen, og jaggu har vi ikkje i år motteke eit lite bidrag med eit knippe bilder til. Så her er det berre å setta seg ned og bli med på festival. Bidraget kjem frå Margaret Helen Kristiansen, Håvard Halset, Lars Kvendset og lærling Sondre Halset.

Les heile saka