Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laksen biter i Toåa

Laksen biter i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juni 2012

Litt regn det siste døgnet gjorde susen for laksefisket i Toåa. Det vart litt større vassføring og det ga litt farge på vatnet. Ein blidspent halsabygg som heiter Johan Nygaard, kom til Todalshytta med ein fin holaks tysdag ettermiddag. Vekta stoppa på ca 6 kg og den var 86 cm. Nygaard tok laksen i Skjorahølen, og det skjedde på tredje kastet i dag, kunne han fortelje. Det er no god vassføring i Toåa, og ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset reknar med at det blir bra fiske utover veka.


Månadens bilete: På tur til Bloksberg

Månadens bilete: På tur til Bloksberg

Ole Petter Talgø Tysdag 19. juni 2012

Denne månaden kan vi gratulere Marit Sanden Søyset som vinnar av månadens bilete. Denne månaden var det jamnt, og kun nokre få stemmer skilde dei bileta som fikk flest stemmer.

Les heile saka

I kveld: Dugnad på Bordholmen

I kveld: Dugnad på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juni 2012

Tysdag kveld er det dugnad på Bordholmen, der førebuing på Todalsdagen står på programmet. Det er behov for alle slag redskap som kan kome til nytta i dette arbeidet. Dugnaden startar kl 18.00. Banesjef Håvard Halset er ansvarleg for å koordinere arbeidet og fordel jobbar på mannskapet, og han lokkar med dugnadskaffe når det lir utpå kvelden.


Torstein med i «Allsang på grensen»

Torstein med i «Allsang på grensen»

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juni 2012

Torsdag 21. juni startar TV-serien «Allsang på grensen» på TV2. Det er ein serie på 7 program som sendes frå Fredriksten Festning i Halden, og går på torsdagkveldar gjennom heile sommaren, med Katrine Moholt som programledar. Alt i premiere programmet er kvennalandingen Torstein Snekvik ein av gjestane, der han får godt selskap av mellom anna Madcon, Hanne Sørvaag, Maria Haukaas Mittet, Venke Knutson, Halvdan Sivertsen og med Vinni som gjesteprogramledar.

Les heile saka

Båthavna er klar

Båthavna er klar

Jon Olav Ørsal Måndag 18. juni 2012

Styret i Todalen Båtforening melder at vedlikeholdsarbeidet på bryggeanlegget på båthavna nå er ferdig. Medlemmene får dermed klarsignal for å sette ut båtene sine, noe de sikkert har ventet på. Det avsluttende arbeidet på havneanlegget ble utført søndag, da montering av de siste utliggerne og justering av fortøyninger ble gjort.

Les heile saka

Todalen knøtt på SILregn-Cup

Todalen knøtt på SILregn-Cup

Laila Kvendset Måndag 18. juni 2012

Todalen Knøtt deltok søndag 17. juni på SILregn-cup i Surnadal. Vi spilte tre kamper. Første kamp for dagen var mot et sterkt kollektiv fra Surnadal. Todalen ble et nummer for små, men viste tegn til forbedring utover i kampen. Vi pyntet på resultatet med Martins aller første scoring. Pausen fram til neste kamp mot Rindal ble brukt godt. Potetskruer og brus gikk ned på høykant, og alle var godt oppe på sukker til kampstart. Vi ledet tidlig 5-2 og klarte å ro i land en 7-6 seier mot Rindalingene.

Les heile saka

Onsdag: Bli med på sykkeltrim!

Onsdag: Bli med på sykkeltrim!

Jon Olav Ørsal Måndag 18. juni 2012

Onsdag kveld kl 18 er det sykkeltrim. Det er start/registrering på Bordholmen og så kan du sykle kvar du vil.  På Bordholmen kan du også kjøpa lodd i sykkellotteriet som blir trekt ved sesongslutt i haust. Salg av kafe og bakels og forfriskninga i kiosken. Pump luft i sykkelen og kom!


Storhelg for store og små

Storhelg for store og små

Elinor Bolme Sundag 17. juni 2012

I helga har 30 jenter og gutar tilhøyrande G12 og J12 Søya/Todalen vore på Romsdalscup i Malmefjorden for å representere «klubben i sitt hjerte». Dei starta turen tidleg laurdags morgon med 2 minibussar, ei campingvogn, ein bobil og fleire privatbilar for å rekke første kampen halv 12. På stadion vart det rigga til eigen base som dei oppheld seg heile dagen, med kort veg til dei ulike banane som kampane vart spela på.

Les heile saka

Laksefisket godt i gang

Laksefisket godt i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juni 2012

Dei første laksane frå Toåa er forlengst komne på land. Fisket etter laks- og sjøaure starta fredag 15., og den første laksen kom på land alt første natta. Den var på 4-5 kg, og i tillegg seier ryktebørset at ein 6-7 er teken. Sikkert er det i allfall Tor lerstang og Terje Lind tok kvar sin smålaks på føremiddagen søndag. Terje Lind tok ein på knappe 4 kg i Skjorahølen, medan Tor Lerstang tok sin på rundt 3 kg 0mtrent samtidig i Inneråhølen. Ellers kan fleire rapporter om at dei har hatt laks på kroksen som dei har mista. Toåa steig utover dagen søndag, og det er venta meir resultat av laksefisket mot kveldinga.

Les heile saka

Grillparty i sommarkvelden

Grillparty i sommarkvelden

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juni 2012

Todalen idrettslag iviterte laurdag kveld sine medlemar til grillparty og ein svingom i Ungdomshuset. Etter mykje dugnadsarbeid tidlegare og foreståande arrangement som Todalsdagen og dugnadsinnsats på Laksefestivalen neste helg, ønska styret å gje litt att til medlemane. Derfor var det berre ein 50-lapp i billett, som inkluderte både inngang og grillmat. Norfolk frå Surnadal sørga for at det vart høve til ein svingom.

Les heile saka

Ynglande jerv i Todalen

Ynglande jerv i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2012

Det har vore hevda at Trollheimen no skal være fri for ynglande jerv, etter at det var skote ei jervtispe og to ungar i området Gjevilvassdalen/Storlidalen forrige onsdag. Men sist måndag vart det oppdaga eit jervhi til innafor Surnadal kommune. Saksbehandlar Marit Gystøl bekreftar at dette jervhiet ligg i Todalen, skriv Tidens Krav torsdag. Ettersom jervane no har forlate hiet og det er lite snø att vil det ikkje bli sett igang jakt etter dei no i år.

Les heile saka

Byggmakker med nyopning

Byggmakker med nyopning

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2012

I dag er det storstilt reopning av Byggmakker Surnadal. Dei tek no i bruk nybygget på rundt 400 m2 som er bruka til sesongvarer med fine miljøutstillingar av hageutstyr og hagemøblar. Heile butikken er renovert og varene er omplassert slik at det er lett å orientere seg og det er smakfullt innreidd. Mellom anna er det laga ei ny fin miljøutstilling med bad og kjøkken.

Les heile saka