Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalslaksen blir elektronisk merka

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. mai 2014

Den siste tida har det gått føre seg utsetting av smolt og yngel i Toåa. I førre veke vart det sett ut 4100 2årig smolt og 729 1-årig smolt ved Steinutgarden. All fisk som blir sett ut er feittfinnekløft. Nytt av året er at det meste av fiske er ”pittag-merka”. Det er ei elektronsik merking som legg grunnlaget for datainnsamling for å dokumentere sporing.

Todalslaks_Monika_20140520

Smolten blir sendt gjennom røra og ut i merdane. Her får den stå og aklimatisere seg før den så blir sendt «ut på livet» til storhavet. Frå venstre Monika Klungervik og Svein Knivskjenes gjer seg klar til å uti elva. Foto: Monika Klungervik

Ved bruk av elektronisk merking kan ein lese av sikre data for kva elv den kjem frå og når den vart sett ut, fortel Monika Klungervik ved Rossåa settefisk. Rossåa settefisk har slike berbare skannarar. Dersom det blir fange ein feittfinnemerka laks i Toåa kan ein berre ta med fisken dit, eller ein annan plass der dei har slik skannar, og da kan di slå fast kvar den er sett ut, og når. Laks som blir attfanga i elvane variereer sterkt, frå 0,5 til 10% i Surna. Eira og IMS har hatt alt frå 0,3 til 105 over fleire år.  Brukar ein denne statistikken på Toåa kan ein av pålegget om utsetting av 2000 smolt forvente å fange inn att 8 fiskar.

Kva som er årsak til at laksen ikkje kjem att eller ikkje blir fanga i elva kan ha fleire årsaker. Rutinane i anlegget i rossåa blir derfor kontinuerleg kontrollert og tilpassa for å få den perfekte smolten. Når ein sett ut fisken for at den skal vandre ut i havet, har den mange utfordringar på vegen ut i havet og til den skal tilbake igjen. Vi brukar å opne merdane om kvelden for at fisken skal kunne finne betre skjul når den går ut. For den første faren dei møter er predasjonsdyr som fuglar, mink osv. Når den kjem til elvemunningen møter den torsk og sei. I neste omgang er det viktig at det er nok mat i havet, og sjølvsagt andre farar som vi ikkje kan kontrollere, sluttar Monika Klungervik ved Rossåa settefisk.

Det er i allfall viktig at alle laksefiskarar varslar om feittfinnekløpt laks som blir teke på land. Rossåa settefisk og Todalen elveeigarlag vil registrere all feittfinneklipt laks og etter kvart blir det og viktig å skanne den enkelte fisk slik at det blir samla meir data om historia og vandringa til Todalslaksen.

Publisert: 24. mai 2014, 12:32