Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Glade barn tok i mot besteforeldre, naboar og vener

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. mai 2014

Tysdag hadde vi ti-kaffe på oppvekstsenteret. Elevane ba inn besteforeldre, naboar og vener og vart veldig glade for alle som kom. Dei hadde førebudd seg godt, og baka kanelbollar og skuffkake – og i dag var det bakelssteiking frå tidleg om morgonen.

Dei yngste elevane pynta borda. Klokka elleve var alt klart til gjestane. Kristian og Henrik ønskte alle velkomne. og danseinnslag. Alle elevane og barnehageungane var ein tur på scena og presenterte seg for gjestane.

Til slutt var det open skule der alle kunne gå og sjå på elevprodukt på klasseromma. Dei fekk og sjå kortfilm laga av elevane og foto frå året som hadde gått på smart Board (digital tavle).

Bildegalleri frå triveleg 10-kaffe i Todalen oppvekstsenter.    Alle foto: Dordi Jorunn Halle

 

Publisert: 27. mai 2014, 20:11