Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Korsong, allsong og musikk i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 25. mai 2014

Konserten i Stangvik kyrkje tysdag kveld byr på korsong, orgelmusikk og allsong frå vår nye salmebok. Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og organistane Daniel Bjørlo og Oddveig H. Halle er hovudaktørar, fortel Bernt Bøe til Todalen.no.

Salmeskatt e JENTEKORET

Jentekoret i Stangvik starta i mars, men har alt gledd mange songvenner. foto: BGB

Kora syng musikk av bl.a. Wennerberg, Beethoven og Mendelssohn og presenterer noko av skatten i vår nye salmebok. Her blir det rikeleg høve til allsong med forsamlinga. Organist Bernt G. Bøe leier kora og salmepresentasjonen. Rindalsorganist Daniel Bjørlo framfører utdrag frå «Orgelsonate» av Gustav Merkel – eit av hans eksamensstykke ved NTNU denne våren. Oddveig Helset Halle, kantor i Surnadal, bidrar med bl.a. «Tomasklokkelåten» i Egil Hovlands flotte orgelversjon. Sopranen Sigrid Vetleseter Bøe måtte melde forfall, men til gjengjeld stiller det ferske og friske Stangvik Jentekor.   Plakaten kan du laste ned som PDF-dokument her.

 

Publisert: 25. mai 2014, 18:16