Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med buss og stavgang til Aure.

Vidar Sogge Onsdag 28. mai 2014

Tysdag 27. mai kl. 9.00 startar turen frå Kulturhuset på Skei, med Olav Jostein Holten som turleiar og Sverre Kjølstad som stødig sjåfør.  I fint vårvêr og 20 varmegrader ber det utover mot Halsa, og vi når ferga på Hendset kl. 10, ein halv time tidlegare enn planlagt. I Arasvika stig guiden Knut Bårdset om bord.

Surnadal pensjonistlag på busstur til Aure - her er dei komne til Arasvika.  Foto: Vidar Sogge

Surnadal pensjonistlag på busstur til Aure – her er dei komne til Arasvika. Foto: Vidar Sogge

På vegen utover fortel den lokalkjende og munnrappe eksordføraren om plassar og folk i heimeområdet sitt, heilt til vi gjer ein stopp ved Aure kyrkje med etterfølgjande kaffepause. Vi avsluttar opphaldet i Aure sentrum med ein tur oppom Aure Opptreningssenter. Frå Aure køyrer  vi vegen opp til Brekka, den bratte rulleskiløypa deltakarane i Toppidrettsveka må pina seg gjennom! Men for ein utsikt som møter oss her oppe!

Til slutt må vi rive oss laus frå den flotte Årvågsfjorden og køyra til neste stopp: middag på Kafe Koselig på Kyrksæterøra.Heimturen går så om Vinjeøra, Rodalen, Valsøya og attende til Hendset, der fergeturen hadde starta tidlegare på dagen. Attende på Skei er vi i 7 – 8-tida. Takk til turleiar Olav Jostein Holten, sjåfør Sverre Kjølstad, guide Knut Bårdset og alle andre 42 som var med på turen.  Minner om stavgang på Hamnes fredag 30. mai.

Bildeglimt frå turen til Aure  finn du samla nedafor.  Alle foto: Vidar Sogge

 

Publisert: 28. mai 2014, 19:07