På en pressekonferanse på i lokalene til Melby Snekkerverksted orienterte Terje Talgø i Talgø Invest og Bjørn Melby i Melby snekkerverksted om at Talgø går inn som majoritetseier i Eide-bedriften Melby. Melby Snekkerverksted AS er en tradisjonsrik familiebedrift som produserer trapper og trappeløsninger. – Selskapet er eid av familien Melby og er lokalisert til Eide, i Hustadvika kommune. I dag har selskapet 22 ansatte, fordelt på design, oppmåling, produksjon, montering, administrasjon og salg. Daglig leder Bjørn Melby vil fortsette i en sentral rolle i selskapet også fremover.
Les heile saka
Takstmann Øyås AS, frå Surnadal, fortsett å ekspandere, denne gongen gjennom å etablere seg med avdelingskontor i Molde. Dagleg leiar, Nils Håvar Øyås i Takstmann Øyås AS, fortel at dei over lengre tid har hatt aukande oppdragsmengd, og at dei difor ser at det er eit behov for å utvide firmaet for å kunne møte den auka etterspørselen.
Les heile saka
Som dei fleste andre, så vil òg Surnadal kulturhus ha redusert opningstid i samband med jul og nyttår. Kulturhuset er heilt stengt 24.12, 25.12, 26.12 og 1.1. Dei andre dagane er det redusert opningstid.
Biblioteket er i romjula ope den 28.12 i tidsrommet klokka 11:00 – 14:00 (Meirbibliotek 14:00 – 15:00).
Les heile saka
I november vart band 4 av Bygdebok for Surnadal lansert. Totalt er det planlagt ti band, men det kan sjå ut til at dei seks siste banda vil bli forsenka med minst eitt år i høve til opprinneleg plan. Dei fire banda som er utgjevne er:
Band 1: Åsbøen – Kårvatn
Band 2: Brøskja – Kvanne
Band 3: Søyset – Hyllbakkan
Band 4: Pollen – Sogge
Les heile saka
Avisa Driva melder akkurat no at Møre og Romsdal fylkeskommune har snudd i saka om færre avgangar og lengre seglingstid for rute 46: Kvanne – Rykkjem. «Eg fikk en telefon fra fylkesveidirektøren i Møre og Romsdal Fylkeskommunen, som kunne fortelle at det blir ingen endringer i rutene. Rutene blir opprettholdt slik som de er, og fylket vil i stedet se an kaiforholdene utover vinteren», seier Margrethe Svinvik til Driva.
Les heile saka
Det var stor glede da det vart kjent at rute 46 – Kvanne – Rykkjem skulle få ny ferge i samband med nytt anbod frå 01.01.2020. I haust var den nye hybridferga Stangvikfjord på plass, og med den dukka nye utfordringar opp. Når nyferga bremsar opp for å legge til kai på Kvanne, lagar propellane så mykje virvlar i vatnet at fundamentet på den gamle dampskipskaia, ved sia av fergekaia på Kvanne blir ødelagt. Dette har allereie ført til at deler av kaia har sklidd ut og hamna i sjøen.
Les heile saka
Romjula er tradisjonelt ei populær tid å gå på kino. Surnadal kino kan i år by på to premierar i romjula, ein familiefilm og ein historisk vaksenfilm. Det er filmen»Operasjon Nordpolen – Snippen på Eventyr» som blir årets «romjulsfilm» for familien. Filmen «Den største forbrytelsen» er ein film som fortel den dystre historia om den norske jødedeportasjonen i november 1942.
Les heile saka
Det blir julekveldsgudsteneste i Todalen kyrkje klokka 14:00. VIKTIG INFORMASJON: Todalen sokneråd opplyser at det i år, på grunn av Koronasituasjonen, blir påmelding til julekveldsgudstenesta. Det er plass til maksimalt 50 personar.
Les heile saka
Sjølv om det ikkje er snø enno, og såleis dårleg skiføre, så startar Stikk UT! Ski 2021 i dag. Stikk UT! Ski sesongen varer frå den 16.desember (i dag) til den 5.april (2.påskedag). Det er Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, saman med sine samarbeidspartnarar, som arrangerer Stikk UT! Ski. Stikk UT! konseptet var frå atarten av eit tilbod i perioden 1.mai – 31.oktober, men frå 2017 vart Stikk UT! ski teke inn. Frå i haust vart Stikk UT! Vinterfotturar introdusert som eit nytt tilbod i konseptet, men her er ikkje Surnadal kommune representert med turmål så langt.
Les heile saka
Eik-senteret i Surnadal melder om endra opningstid i samband med julehelga. Julaftan er butikken stengt medan den er open 4. til 6. juledag 9-15 og nyttårsaftan 9-12. Laurdag 2. januar er butikken open 9-12. Elles er det vanleg opningstid.
Les heile saka
Lukta av jul. Nellikspikar og granbar. Smult og grønsåpe. Kongerøykelse, Dahls julebrus og for nokon av oss: lut. Og ikkje av den kaustisk soda-typen. Nei, den luta som er resultatet av kontrollert fyring med bjørkaved (og berre det!), gjerne i to omnar slik at ein kan sikre seg ei raus bøtte med det grå oskegullet. […]
Les heile saka
Frå Visit Nordvest har vi fått pressemelding om at dei no har fått 7 nye «turambassadørar», og mellom dei er det to frå Todalen: Torry med matmor Astrid Longva Kvendset og Oda Halle.
For en tid tilbake søkte vi etter ambassadører som kan være med og vise frem hva Nordmøre og Romsdal har å by på. Vi fikk mange gode søkere, og er glade for at det er så mange som har lyst til å være med å dele gode opplevelser fra området vårt. Vi har nå valgt ut de som skal være de offisielle ambassadørene, og gleder oss til å samarbeide med denne fine gjengen! Bli litt bedre kjent med Nordvestambassadørene 2021 her:
Les heile saka