Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka SkiMo youthcamp Nordmøre

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2020

SkiMo youthcamp Nordmøre er vel i hamn og kan glede seg over eit vellukka arrangement, som starta på Kårvatn fredag kveld og fortsette i Sæterlia på laurdag og vart avslutta med konkurranse i settemsdalen på Søndag. Det var Trollheimen Fjellsportklubb som var arrangør og arrangementet famna både den eldre og yngre garde – og da spesielt dei yngre med tanke på rekruttering til randoneesporten.

Les heile saka

Prima skurtømmer i Øyalia

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2020

Den siste veka har det pågått tømmerdrift i nedre del av Øyalia.  Det er Solli Skog som jobbar der, og dei stiller med både hogstmaskin og lastbærer så det går fort unna og drives effektivt. Det er eit felt med furuskog som no blir teke ut – rundt 8-900 m3 slik det ser ut no, fortel Ståle Ansnes som er skogeigar.

Les heile saka

Kløvertur etter allmannvegen

Dordi Jorunn Halle Sundag 16. februar 2020

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 17. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl.11:00. Turen blir etter allmannvegen, enten utover Stranda eller oppover bygda. 

Les heile saka

Meir kvardagsdata i neste veke

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2020

Neste veke blir det meir «kvardagsdata» i Skulstuå, melder Anders Talgø, som er primus motor for opplegget. Neste veke blir det og på onsdag  – og delt i to økter – føremiddagsøkta for iPad og kveldsøkta for PC-brukarar.  Merk deg at du kan kome og bli med sjølv om du ikkje har vore med på dei første arrangementa. 

Les heile saka

Gaupefamilie på besøk i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. februar 2020

Det var Ola Kvendset som oppdaga spora etter gaupefamilen i skogkanten rett ovafor heimgarden på Kvennset. Ola tok kontakt med lars Olav Lund hos SNO (naturoppsynet for Trollheimen). No på tampen av dagen spora dei gaupefamilien frå Kvennset og oppover til Husby.  Det er spor etter tre dyr – morgaupa og to ungar. 

Les heile saka

Eit tidleg vårteikn frå Sanitetskvinnene

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. februar 2020

For mange er nok fastelavnriset eit symbol for Sanitetskvinnene.  NKS har tradisjon heilt attende til 1946 for å selge bjørkeris som er pynta med fargerike fjær, og det er nok ein flott tradisjon som folk sett stor pris på. Fastelavnsriset har nok ein mykje lenger tradisjon enn dette, men det var altså i 1946 at NKS fikk ideen til å markere fastelavn på denne måten og dermed skaffe seg ei inntektskjelde. Fredag og laurdag har Todalen vore på banen med årets bjørkeris utafor Matkroken i Todalen.

Les heile saka

Treningsøkt – inpirert av Vegard frå landslaget

Jon Olav Ørsal Fredag 14. februar 2020

SkiMo youthcamp Nordmøre er i gang, og startskotet gikk på Kårvatn på tampen av fredagen.  Nokre av deltakarane på ungdomscampen starta randohelga på Kårvatn, og stakk til fjells på treningstur på slutten av lysdagen.  Dette er starten på ei heil helg med randonee – trening fredag på Kårvatn og laurdag i alpinbakken i Surnadal, og konkurranse i Settemsdalen søndag. Vegard Øie som er på randolandslaget kjem for delta på treninga og for å være inspirasjonskjelde for de unge randoløparane, seier Gudmund Kårvatn i Trollheimen Fjellsportklubb.

Les heile saka

Open svømmehall i vinterferien

Jon Olav Ørsal Fredag 14. februar 2020

I vinterferien blir det open svømmehall, melder Surnadal kommune på sine facebook-sider.  Det vil seie at svømmehallen er open 18. – 20. februar – tysdag, onsdag og torsdag som vist nedafor:

Les heile saka

Gastromat – elska og sakna, men er no på plass igjen!

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. februar 2020

No er krydderblanding Gastromat på plass i butikkane igjen. Det vart ramaskrik i fjor vinter da spesialmaskina som lagar den populære krydderblandinga havarerte.  Det viste seg at det tok mesta eit år å få laga ei ny maskin, og i mellomtida har hylleplassen stått tom for Gastromat i butikkane.

Les heile saka

Bur seg på skogdag på Eiksentret

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. februar 2020

Onsdag 19. februar arrangerer Eiksentret skogdag, der dei inviterer skoginteresserte til å kome for å sjå og prøve skogsutstyr til alle slags skogsdrift.  Intensjonen er at folk skal få litt fagleg påfyll og ikkje minst at dei skal få høve til å treffe andre «likesinna» som kanskje kan by på både erfaring og kunnskap.

Les heile saka

Reint drikkevatn – kokepåbudet er forlengst oppheva!

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. februar 2020

Husby og Halle vasslag informerte seint i går kveld om påbud om koking av drikkevatn frå vassanlegget i Lauvåa.  Det er langt i frå noko dramatisk som har skjedd, men Svorka energi hadde seint i går kveld havari på ein transformator ved Husby.  Dermed var Husbygrenda utan straum og straumbrotet stoppa UV-anlegget brønnhuset. 

Les heile saka