Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ekstremvêret vart ikkje så ekstremt…

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. februar 2020

Det var ikkje måte på med ekstremvarsel for onsdag og torsdag denne veka, men heldigvis vart det ikkje slik som yr.no og varsam.no varsla at det kunne bli. Faktisk var det meldt at det kunne kome inntil 200 mm nedbør i løpet av 48 timer. Hadde det gjort det hadde det nok sett heilt annleis ut. Men faren var der, med ein del snø i fjellet og meldingar om mildvêr og regn med snøsmelting heilt til topps.

Les heile saka


Stor interesse for kvardagsdata

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. februar 2020

Onsdag kveld var ny samling med «kvardagsdata» i Skulstuå. Denne kvelden var det PC-bruk og Windows som stod på programmet – og litt om bildehandtering. Det er etter kvart mange som har samla ein del bilder på sine mobiltelefonar, som har eit stort behov for å få bilda over på PC’n for å kunne sikre […]

Les heile saka

Bli med og sett Todalen på kartet!

Elinor Bolme Onsdag 5. februar 2020

I går var det informasjonsmøte i Todalen Ungdomshus med tema Todalen/Kårvatn som innfallsport til Trollheimen. Todalen er som tidlegare nemt valgt til å vere Surnadal kommune sin hovedinnfallsport til Trollheimen, og det er Verneområdestyret i Trollheimen som er pådrivar for å få til ei best muleg løysing rundt dette.

Les heile saka

Årsmøtetid – SJFF inviterer til årsmøte

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. februar 2020

Surnadal jeger- og fiskeforening inviterer til årsmøte i skytterhuset på Angråmyra, torsdag 27. februar 2020 kl 19:00. På agendaen står vanlige årsmøtesaker, samt besøk fra NJFF Møre og Romsdal og ellers litt underholdning med video/bildeglimt fra jakthøsten v7Gøran Rønning. Det bys også på servering.

Les heile saka


«Ka om» – premiere for storprosjektet i kulturhuset!

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. februar 2020

9. klasse ved Surnadal ungdomsskule har i haust og i vinter lagt ned ein stor jobb med det såkalla «storprosjektet». Forleden var det generalprøve i kulturhuset og onsdag og torsdag kveld inviteres det til førestilling for publikum. Vi var ikkje til stades på generalprøven, men vi har vore på plass i salen under tidlegare arrangement, og ser at både Driva og Trollheimsporten borgar for kvaliteten også i år. Dersom du ikkje allereie har sikra deg billett så er det enno i skrivande stund ledige plassar.

Les heile saka

Arne takkar av og blir pensjonist etter 28 år i Talgø

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. februar 2020

Arne starta egentlig så tidleg som 1979, da han vart produksjonssjef i Krogenæs Møbelfabrikk og den jobben hadde han til han var dagleg leiar i Vågå Bruk i 1994. Seinare har Arne hatt fleire leiarjobbar i Krogenæs, Talgø Møbelfabrikk og Bindalsbruket.

Les heile saka


Balleik avlyst

Elinor Bolme Måndag 3. februar 2020

Idrettslaget melder om at det ikkje blir balleik på skulen i kveld. I staden anbefaler dei ein tur til lysløypa på Tjønnmyra. Den er no nyoppkjøyrt!