Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fine kløverturar i juni

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. juni 2021

Sol og god temperatur – ein riktig fin dag for kløvertur. Turen 28. juni gjekk frå Gammelfabrikken oppover Gammelfalla langs Storfossen; riktig så idyllisk med fossedur, fuglesong og fargerike blomstrar.

Målet for turen var gapahuken på Tjønnmyran, men før mat og kaffe gjekk alle utover til Stikk UT!-posten. Ved gapahuken vart det ein lang og god pause. Tjønnmyrane er ei fin turrute, og det er kjøle godt lagt til rette for sosialt samvær.

Ved Storfossen: Jean, Eli, Åse, Arndis, Synnøve, Helga og Dordi. Foto: Dordi J H

Ytst på Tjønnmyrå. Synnøve, Dordi og Jean. Foto: Dordi J H

Lang pause i sola. Karen Johanne har pynta borda. Foto: Dordi J H

Dette var siste kløverturen før ferien. Vårhalvåret 2021 er det arrangert 16 turar med oppstart 15. februar og med jamt god deltaking. Seks av turane har gått etter Toåa tursti. Det er utruleg flott at Todalen har to turområde, både Tjønnmyrane og Toåa tursti, som er så fint tilrettelagt for tur, trim og aktivitet. Dette er turstiar som passar for alle, og som inspirerer folk til å ta turen ut! Det er viktig for folkehelsa.

Turar til Haltbakkan og i Toåa tursti

Ved Haltbakkan. Sigrun, Jean, Dordi, Anne Helene, Ester Karin, Marit, Jorunn. Arndis og Åse. Foto: Jorunn H.

Pause og god prat er viktig! Foto: Marit S S

På heimveg. Foto: Marit S S

21. juni gjekk turen frå Sjøleet til Haltbakkan; også ein riktig fin tur der ein kjem ned til sjøen og med triveleg gapahuk til pause. Vi har rett og slett svært mange fine turområde i nærområdet!

Da tek kløverturen ferie, men det blir oppstart med nye turar og turmål i august.

Bilete frå turen i Toåa tursti 14. juni:

Mange fine rasteplassar, her i Gunnøya. Foto: Dordi J H

Fin steinbenk ved Toåa. Sigrun og Marit tek ein pause. Foto: Dordi J H

Ester Karin i Gunnøya. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 28. juni 2021, 21:44