Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste kløverturen før ferien går til Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Sundag 27. juni 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur til Tjønnmyran måndag 28. juni. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl 11:00.

Parkering ved Gammelfabrikken. Turen går oppover Gammelfalla og vidare opp til Tjønnmyran.

Det blir kaffipause i gapahuken.

Viss nokon ikkje ønsker å gå motbakkane, kan ein kjøre opp til gapahuken.

Dette er siste kløverturen før sommarferien.

Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Publisert: 27. juni 2021, 10:16