Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndag er det skulestart

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. august 2021

Måndag 23.august er det skulestart for elevane i grunnskulen i Surnadal kommune. At skuleåret 2021/22 tek til så seint, heng saman med at skuleruta i grunnskulen, følgjer skuleruta for den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal, og at dei og har ein sein skulestart i år. Alle skulane startar på grønt nivå, med tanke på […]

Les heile saka

Bli med til Åsbøsnyta!

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. august 2021
 
Tirsdag 24.8. legg Fjellgruppa turen til Åsbøsnyta med start fra Nordvik.  Deltakere fra Surnadal møtes nedanfor Øyekjerka kl 1030 og samkøyrer i retning Nordvik til skogsvegen, og parkerer på lunningsplassen. Fin tur til formidabel utsikt, melder Fjellgruppa i en epost til Todalen.no.  Vel møtt til tur!

Gravide blir no anbefalt å ta koronavaksine

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. august 2021

Risiko for alvorleg sjukdom blant gravide som blir smitta med koronavirus er låg, samtidig viser internasjonale studier at gravide har noko auka risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom, og at denne risikoen aukar utover i svangerskapet.

Les heile saka

Søya stiller lag i 6.divisjon

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. august 2021

Det er mange sesongar sidan sist Søya stilte med eige seniorlag (utan skråstrek) i fotball. Men i år er det påmeldt eit senior fotballag i 6.divisjon. Tysdag kveld var gjengen samla for å skrive kontrakt og planlegge sesongen. Dei fleste av spelarane på årets Søya-lag er rutinerte karar med, ei allereie, lang karriere attom seg.

Les heile saka

Har du brukte klede du vil bli kvitt?

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. august 2021

Då nærmar det seg skulestart, og vi på kyrkjekontoret vil gjerne ta imot brukte klede, som vi kan gje vidare til folk som treng det, skriv Kyrkjekontoret på Surnadal i ei pressemelding. Klesplagga må vere reine og heile. Vi tar imot klede til både born og vaksne. Du kan levere dei på kyrkjelydshuset på Skei mellom kl. 10 – 14 måndag til torsdag.  Har du spørsmål, ta kontakt med Aud Brynhild på tlf. 90 10 93 22.

 

 


Todalen Idrettslag – medlemskontingenten er sendt ut

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. august 2021

Denne veka starta Todalen Idrettslag utsendinga av faktura for medlemsskap for 2021. Dei som er registrert med e-postadresse får fakturaen som PDF-fil vedlagt i e-posten, medan dei som ikkje er registrert med e-post enno, får fakturaen som vanleg papirfaktura i postkassen sin. Kontingenter for 2021 er kr. 150,- per medlem. 

Les heile saka

Fjellgruppa til Svarthammaren

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. august 2021

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Svarthammaren oppi Knykja. – Hadde eg visst kor langt det var, ha eg ikkje vorte med!, sa ei av turdeltakarane etter turen i går. Utsagnet kom da turgåarane var komne til bilane att og turen var over, men ho angra ikkje på at ho vart med.  

Les heile saka

Friidrettt på Bordholmen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. august 2021

Onsdag 18.august klokka 17:30 blir det friidrett på Bordholmen stadion. Det er Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag som står som arrangør. Det blir lengde med tilløp, stille lengde, kast med liten ball, 60-meter, 400-meter og bogeskyting. 

Les heile saka

Blir det Todaling på pallen på Kårvatn Skyrun 2021?

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. august 2021

Det knyter seg stor spenning til laurdagens arrangement av Kårvatn Skyrun komande laurdag.  Kristoffer Nordvik skal forsvare fjoråret triumf, da han gjekk heilt til topps i Kårvatn Skyrun.  Da spørst det om kneskaden han pådro seg tidlegare i år tåler ein langtur i fjellet.  Erik Kårvatn har også steke plasseringer frå VM i Italia og frå Skyrace –  Sans Senja, og må nok finne seg i å ha eit favorittstempel og være med og kjempe om pallplass.

Les heile saka

Stavgangtur til Vindøldalen denne veka

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. august 2021
Det skjer torsdag 19. august.  Vi samlast ved bommen på Holtamoen, til vanlig tid kl 11:00, og samkøyrer opp til bommen oppi dalen. Ta med stolar!   Alle er velkomne til å bli med!

Slettneset steinovnsbakeri – open kafe og bakeriutsal

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. august 2021

Søndag 22.august, mellom klokka 12:00 – 16:00 inviterer Slettneset steinovnsbakeri til open kafe og bakeriutsal. Denne gongen kan dei freiste med nystekte kanelsnurrar, pistasjfletter og vaniljeknutar. Det er og mogleg å kjøpe grovbrød og surdeigsbrød, for å ta med heim og kose seg med seinare.  

Les heile saka