Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vanja har utplasseringsveke på Matkroken Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. september 2020

Denne veka har 10.årstrinnet ved Surnadal Barne- og Ungdomsskule utplasseringsveke. Vanlegvis er utplasseringsveka på våren i 9.årstrinn, men på grunn av Koronasituasjonen er ingenting som vanleg i år, så då vart den flytta til i haust. Føremålet med utplasseringsveka er å gje elevane eit lite innblikk i arbeidslivet og ikkje minst for å hjelpe dei litt med valet av framtidig studieretning. Elevane i 10.årstrinn må innan 15.mars 2021 bestemme seg for kva studieretning dei vil søkje seg inn på når dei frå neste haust går over frå grunnskulen til den vidaregåande skulen. Nokon er framleis i tvil om kva dei vil, medan andre allereie har bestemt seg for studieretning. Difor er utplasseringsveka nyttig for mange av dei før dei tek det endeleg valet om studieretning.

Les heile saka



Sunndal J10 – Søya/Todalen J9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. september 2020

Måndag kveld spela Søya/Todalen sitt J9/10 lag sin siste kamp for sesongen. Kampen vart spela inne i Hydro-Hallen på Sunndalsøra, og motstandar var Sunndal J10. Laget frå Sunndal er seriens beste lag og var store favorittar til kampen. 

Les heile saka

Kløvertur i retteleg fint haustver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. september 2020

Siste måndagen i september gjekk Kløverturgjengen frå Innerdalsmerket til Kårvatn. Sola skein, det var varmt og godt; meir som ein sommardag og herleg turver!

Les heile saka

Sesonslutt for sykkeltrimmen

Jon Olav Ørsal Måndag 28. september 2020

No blir det sesongbyte for «Todalen bodybyggjarlag» som har gjennom sommaren har drive aktivt med sykkeltrim på måndagskveldar.  No er dei innhenta av haustmørkret, og arrangerte difor sin siste sykkelkveld for i år. Turen gikk først utover stranda og så oppover til Gammeldfabrikken i Brusetmarka og nedover att til Vangen. Der var det etter plana lagt inn forfriskningar, før turen fortsette nedover bygda og til Kvennsetøran igjen. Men kva skjer vidare no som Hett & Svett er midlertidig stengt på grunn av smittefare?

Les heile saka



Torsdag: Stavgang til Toåa tursti.

Jon Olav Ørsal Sundag 27. september 2020
Torsdag 1. oktober går vi natursti langs Toåa i Todalen. Starter til vanlig tid, kl 11:00,  fra Bordholmen hvor vi har parkert.
Denne dagen får vi besøk av helsefagelever sammen med lærer. Fint om de får møte mange av oss!
Alle er velkomne til å bli med!

Søya/Todalen G12 – Ekko/Aureosen G12

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. september 2020

Søndag kl. 14:00 spela Søya/Todalen sitt G12 lag sin andre kamp denne helga. I går spela dei kamp mot Smøla G12 på Bordholmen stadion, medan det i dag var kamp på Søyabanen mot Ekko/Aureosen. 

Les heile saka

Kløvertur til Kårvatn

Dordi Jorunn Halle Sundag 27. september 2020

Todalen sanitetsforening inviterer måndag 28. september til Kløvertur. Turen går frå Innerdalsmerket til Kårvatn og vidare inn til Sagstuå. Start frå Matkroken kl. 11:00 og frå Innerdalsmerket ca. 11.15. Alle er velkomne til å blimed ut på tur!

Les heile saka

Søya/Todalen G12 – Smøla G12 1

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. september 2020

Laurdag spela Søya/Todalen sitt G12 lag mot Smøla G12 1. Kampstart var allereie kl. 12 så Smøla måtte tidleg opp denne laurdagsmorgonen for å kome seg på kamp. 

Les heile saka