Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inntok Telstadfjellet med fulle haustfarger.

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. september 2020

Vi har fått fine bilder frå Fjellgruppa som hadde ein fin tur til Telstadfjellet i dag. Disen og litt skodde hindra at vi fekk nyta utsikten i klår haustluft, men det er da bra med litt nærsyn og, med alle haustfargane.

Les heile saka

Lokale godbitar endeleg å finne på Hals!

Guro Redalen Tysdag 29. september 2020

Ein god grunn til å svinge innom Hals-bua dei næraste dagane er at Todalen Meieri no for første gong har varer til sals i butikken. Det er tre typar yoghurt: naturell, søt og tyttebær. Ellers er det ferskost naturell og ferskostkuler i krydderolje.   -Vi håpar det blir teke godt i mot, og at bygdafolk og […]

Les heile saka

Markdag med Landbruk Nordvest i Utigarden

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. september 2020

Måndag hiva vi oss med på markdag, med Landbruk Nordvest som arrangør og med Olaug Kvendset og  Asgeir Longva som vertskap. Tema for markdagen var jord og jordhelse, og vi fikk ei innføring i korleis vi sjølve kan undersøke jorda vår.  Det kan være mange grunnar til at ein bør undersøke jorda si.  Ved å grave litt og sjå på resultatet kan ein finne fleire signal på om det er naudsynt med tiltak for å betre jordkulturen. Det har nemleg stor betydning for om plantene vil trivast og kor stor avling ein kan få.

Les heile saka

God haustferie – på heimebane, helsar kommuneoverlegen

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. september 2020

Den etterlengta haustferien står for døra og dei fleste har sikkert tenkt å bli heime eller på hytta si i år. Det kan det vere fleire gode grunnar til å gjere no.Den etterlengta haustferien står for døra og dei fleste har sikkert tenkt å bli heime eller på hytta si i år. Det kan det vere fleire gode grunnar til å gjere no.  Ta deg tid til å lese kommuneoverlegens råd om korleis du kan få ein trygg og god haustferie.

Les heile saka

Vanja har utplasseringsveke på Matkroken Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. september 2020

Denne veka har 10.årstrinnet ved Surnadal Barne- og Ungdomsskule utplasseringsveke. Vanlegvis er utplasseringsveka på våren i 9.årstrinn, men på grunn av Koronasituasjonen er ingenting som vanleg i år, så då vart den flytta til i haust. Føremålet med utplasseringsveka er å gje elevane eit lite innblikk i arbeidslivet og ikkje minst for å hjelpe dei litt med valet av framtidig studieretning. Elevane i 10.årstrinn må innan 15.mars 2021 bestemme seg for kva studieretning dei vil søkje seg inn på når dei frå neste haust går over frå grunnskulen til den vidaregåande skulen. Nokon er framleis i tvil om kva dei vil, medan andre allereie har bestemt seg for studieretning. Difor er utplasseringsveka nyttig for mange av dei før dei tek det endeleg valet om studieretning.

Les heile saka



Sunndal J10 – Søya/Todalen J9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. september 2020

Måndag kveld spela Søya/Todalen sitt J9/10 lag sin siste kamp for sesongen. Kampen vart spela inne i Hydro-Hallen på Sunndalsøra, og motstandar var Sunndal J10. Laget frå Sunndal er seriens beste lag og var store favorittar til kampen. 

Les heile saka

Kløvertur i retteleg fint haustver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. september 2020

Siste måndagen i september gjekk Kløverturgjengen frå Innerdalsmerket til Kårvatn. Sola skein, det var varmt og godt; meir som ein sommardag og herleg turver!

Les heile saka

Sesonslutt for sykkeltrimmen

Jon Olav Ørsal Måndag 28. september 2020

No blir det sesongbyte for «Todalen bodybyggjarlag» som har gjennom sommaren har drive aktivt med sykkeltrim på måndagskveldar.  No er dei innhenta av haustmørkret, og arrangerte difor sin siste sykkelkveld for i år. Turen gikk først utover stranda og så oppover til Gammeldfabrikken i Brusetmarka og nedover att til Vangen. Der var det etter plana lagt inn forfriskningar, før turen fortsette nedover bygda og til Kvennsetøran igjen. Men kva skjer vidare no som Hett & Svett er midlertidig stengt på grunn av smittefare?

Les heile saka