Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hett og Svett – forsiktig gjenopning

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 4. oktober 2020

Frå veke 42 (frå måndag 12.10) får Hett og Svett ei forsiktig gjenopning. Etter ei nøye vurdering, i samråd med kommuneoverlegen, blir det i første omgang gjenopning på måndagar og torsdagar og då berre for medlemmer i Todalen Idrettslag. Grunnen til at det blir «berre» to dagar er krava til reinhald som følgje av Koronasituasjonen. 

Les heile saka

Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 4. oktober 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 5. oktober i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Stem på månadens bilete for september

Mari B. Redalen Sundag 4. oktober 2020

Til å vera ein våt og kald september har vi likevell mang ein god kandidat for å bli månadens bilete. Stem på det bilete du liker best. Har du teke eit fint eller artig bilete så tek vi gjerne i mot det

Les heile saka


Dagen derpå med skummel landvind

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. oktober 2020

Gjennom heile natta og utover laurdagen har det vore brannvakt på branntomta på Talgø Gard.  Det har vore ein skummel landvind som har auka i styrke utover laurdagen, og brannen har faktisk blussa opp litt eit par gonger i løpet av natta og morgontimane.  – Vi kjem til å plassere brannvakt her så lenge det er sjanse for at det skal ta fyr på ny, seier Håvard Stensønes som brannbefal i Surnadal kommune. 

Les heile saka

Skåkleiva er neste mål for Fjellgruppa

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. oktober 2020
For Fjellgruppa til pensjonistlaget går tyren oppå Skåkleiva tirsdag 6.10.  Vi møtes på parkeringsplassen nedafor Øyakjerka kl 10:30 og samkjører opp til Torshall. Derifrå følgjer vi bomvegen til parkeringsplass før vi går til toppen. Ta med mat og drikke og godt humør!  Tor Asle, Brage og Kristian er guidar som vanleg!  Vel møtt til alle som har lyst til å bli med!  
 

Dramatisk brann på Talgø Gard

Jon Olav Ørsal Fredag 2. oktober 2020

I ettermiddag har Gammelstua på Talgø Gard stått i full fyr, og brannmannskapa kjempa ein periode for å berge resten av bygningsmassen i gardstunet.  Hell i uhell gjorde at den sterke landvinden løya på litt da det brann som verst og saman med iherdig innsats av brannmannskapa redda nok det både hovedhuset, 2-3 uthus og ei gammel gardssag.  Det var ikkje folk heime da brannen starta, så brannen vart meldt av tilfeldig forbipasserande. 

Les heile saka

Det brenn i gamlestua på Talgø Gård

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. oktober 2020

Det brenn akkurat no i gamlestua på Talgø Gård. Brannvesen og politi er på staden og prøver å få kontroll på brannen. «Hovudfokuset akkurat no er å hindre brannen i å spreie seg til hovudhuset, noko det ser ut til at vi skal greie», seier lensmann Olav Halse ved Surnadal lensmannskontor.  

Les heile saka

Ei ny årstid nærmar seg…

Jon Olav Ørsal Fredag 2. oktober 2020

Det er nok ingen grunn til panikk fordi om Mesta setter ut vegstikker langs vegkantane. Vêrmeldinga for dei neste dagane og for heile den komande 10-dagesperioden lovar temperaturar godt på plassida og lite eller ingen nedbør.  

Les heile saka


Nytt trimår – ny trimpost

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. oktober 2020

Leiar i Todalen Idrettslag si Trim- og Allidrettsgruppe, Mari B. Redalen, fortel oss at det frå i dag (1.oktober) er utplassert nye bøker på Idrettslaget sine trimpostar. Så då er trimåret 2020/21 offisielt i gang. Idrettslaget har no 11 trimpostar etter at Ja-benken kom inn som den 11 trimposten i august i år. Så dette blir det første heile trimåret den trimposten er med. 

Les heile saka

Oppgraderer utstyret for kortbetaling av drivstoff

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. oktober 2020

2 mann frå Wennstrøm Net har i dag vore i full gang med oppgradering av utstyret for kortbetaling av drivstoff ved HalsOil/Matkroken Todalen. Det er strengare krav til sikre betalingsrutina som krev at kortterminalen blir oppgradert. I dag er det difor skifta utstyr både ute ved pumpa og inne ved kassa på Matkroken. 

Les heile saka