Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange med på Kløvertur.

Dordi Jorunn Halle Måndag 5. oktober 2020

Første måndagen i oktober kom med godt ver, og ein skokk med ivrige turgåarar møttest ved Halsbua for å gå Kløvertur. Dette viser at Toåa tursti er eit populært turmål, og at denne turruta høver for alle.

Første pause i Gunnøya, ny trimbok og namneskriving. Foto: Dordi J H

Einaste ulempa er at når ein startar frå Hals, blir det litt asfaltgåing. For at det skal bli så lite asfaltunderlag som råd, går Kløverturgjengen frå Hals til Halsabrua og etter turstien opp til Bønnavollan, så med retur same vegen og pause i gapahuken. Turen blir avslutta med å gå stikkveg opp til Kvennsetgardane eller forbi Bruvollen og utover til Matkroken, ein fin rundtur!

Snuplass på Bønnavollå. Med på turen: Sigrun, Ester Karin, Eli, Jorunn H, Synnøve, Jorunn Ø, Helga, Marit, Arndis, Dordi V H, Åse Johanne, Kari, Jean, Dordi F. Foto: Dordi J H

Neste måndag er det ny Kløvertur, turmål blir bestemt etter ver og føre.

Alle er velkomne til å delta på Kløvertur!

Fin pauseplass! Foto: Dordi J H

Publisert: 5. oktober 2020, 14:38